Programmet for Sunnmøre kammermusikkfestival 2010 er klart

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Follesø og Plagge er musikarar av høg internasjonal klasse. I tillegg til å halde konsertar, har dei også hatt ansvaret for den kunstnarlege kvaliteten på festivalprogrammet. Vi er svært stolte og glade over å ha sikra oss desse kapasitetane då festivalen har som ei klar målsetting å gje folket på Søre Sunnmøre kammermusikk av beste merke, seier ein av drivkreftene bak festivalen, høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.

67268ac2328f44f97c5eb2e94a5de63b7b24fbd9

Annar Follesø og Jacob Kjøde jr.

Det er grunn til å tru at ein vil lukkast med det. Til festivalen i mai har Plagge og Follesø nemleg fått med seg denne rekkja av framståande musikarar: Tor Espen Aspaas (klaver), Berit Norbakken Solset (sopran), Marianne Thorsen (fiolin), Anders Nilsson (fiolin/bratsj), Johannes Martens (cello), Jan-Erik Gustafsson (cello), Björn Nyman (klarinett), Per Kristian Skalstad (dirigent). Musikk skriven av den tyske pianisten og komponisten Robert Schumann  vil ha ei sentral rolle i årets program.

- Jubilanten Robert Schumann vil gå att i alle konsertprogramma under festivalen, og publikum vil mellom anna få høyre hans berømte klaverkvintett, klaverkvartetten og sangsyklusen «Frauenliebe und Leben», fortel Annar Follesø.

I tillegg viser programmet at det blir eit par små visittar av Schumanns medjubilant, Frederic Chopin. Schubert-entusiastar vil kunne sjå frem til strykekvintetten og fleire av hans vakraste songar. Det vert også framført eit verk av Volda sin eigen Magnar Åm (vinnar av Arne Nordheims komponistpris 2009) og ei urframføring  av Wolfgang Plagge sine songar frå Edith Sødergrans «Septemberlyran».

 Eit møte mellom menneske - "Eiksundsamklangen"

Sunnmøre kammermusikkfestival vil skape kunstnarlege opplevingar på høgt nivå for alle på Søre Sunnmøre. Eiksundsambandet gjer dette mogeleg. Poetisk kan det seiast at folket frå ut med havet møter folket frå fjordane i Sunnmøre kammermusikkfestival.

Festivalprogrammet speglar denne intensjonen. Dei fem konsertane på programmet vil i perioden 6. - 8. mai bli avvikla i ulike konsertlokale i kommunane Volda (Høgskulen i Volda, Volda kyrkje), Ørsta (Ivar Aasen-tunet), Ulstein (Fredheim) og Herøy (Herøy frikyrkje). 

Festivalen vert avslutta med ein stor konsert i Volda kyrkje der Høgskulen i Volda sitt  symfoniorkester spelar saman med dei profesjonelle musikarane. Tre lokale kor vil også ta del på denne konserten.

Møtet mellom meister og elev - meisterklasser

Festivalen har også ei klar målsetjing om å bidra til vekst og utvikling for musikklivet i regionen.  Sunnmøre kammermusikkfestival samarbeidar tett med kulturskulane og musikklinjene på søre Sunnmøre. Tilreisande artistar vil i løpet av i alt fem festivaldagar gi instruksjon til vidarekomne elevar i regionen (meisterklassar). Dei vil òg byde på kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar og høgskulestudentar. 

Les meir på  www.kammermusikkfestival.no

Del på