Publiseringsfond ved Høgskulen i Volda

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

Fri tilgang/Open Access inneber at vitskaplege publikasjonar vert gjort fritt tilgjengelege på internett.

Ei av hindringane for slik fri og open tilgang, er at publisering i Fri tilgang/Open Access - tidsskrift kan medføre kostnader til forfattarane. Dette medfører at slik publisering for forskaren framstår som dyrare enn publisering i tradisjonelle tidsskrift, og forskaren vil kunne oppleve dette som eit argument mot å publisere i Fri tilgang/Open Access - tidsskrift.

For å fjerne denne hindringa for fri og open tilgang, har høgskulestyret i samband med budsjettfordelinga for 2014 gjort vedtak om å setje av midlar til eit fond for å dekkje forfattar-/førehandskostnader ved Fri tilgang/Open Access - publisering.

Publiseringsfondet vert oppretta som ei prøveordning gjeldande for 2014 og 2015. Ordninga vert evaluert etter at prøveperioden er avslutta.

Ein føreset at støtte vert gjeve til artiklar i godkjende kanalar for vitskapleg publisering: Retningsliner for publiseringsfondet ved Høgskulen i Volda.

Meir informasjon om Fri tilgang/Open Access finn du på heimesida til Cristin.

Høgskulen i Volda nyttar omgrepet Fri tilgang i staden for det engelske Open Access som har vore vanleg i det norske forskingsmiljøet. Dette er i samsvar med Språkrådet si tilråding.

For nærare informasjon om publiseringsfondet ved Høgskulen i Volda, kontakt FoU-konsulent Geir Tangen. Telefon 70 07 53 44, e-post geir.tangen@hivolda.no

Del på