Redaktør for ny Noregshistorie

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

f9b89a559480dd4a1e59960338af499b87139c83

Det er ein stor tradisjon i Noreg for å gje ut noregshistorier. Den siste kom i 1995, og då var det Knut Helle som var hovudredaktør. No har Aschehougs forlag spurt Hans Jacob Orning ved Høgskulen i Volda.

– Historia vår er eksotisk, og dette vil vi få fram, forklarar Orning.

Kulturhistorisk perspektiv

Både Hans Jacob Orning, Njåstad og Nielsen er alle i 40-åra og har vakse opp med historieforteljing i eit postmodernistisk og kulturhistorisk perspektiv.

– Vi vil freiste å formidle denne ballasten i den nye Noregshistoria. Det inneber mellom anna fokus på menneska som kulturelle vesen som lever i ulike fellesskap.

– Når vi skriv tek vi gjerne utgangspunkt i ei litt ukjend, lokal forteljing, før vi set denne i eit større kulturhistorisk samanheng. Gevinsten ved å rette merksemda mot korleis enkeltmenneska handlar innanfor ulike fellesskap er å motverke tendensen til determinisme i historia. Kvar periode hadde sine kulturelle trekk og politiske spelereglar, og vi vil setje desse opp mot dei store nasjonale linjene. Historia skal opnast for kva som kunne gått annleis.

Kva kunne gått annleis?

– På mange måtar har noregshistoria fram til i dag vore skriven som ei rett linje av politiske hendingar.  Vi stiller oss kritiske til formidlinga av noregshistoria der Noreg er noko som gradvis veks fram. Vi legg større vekt på brota i historia og på det som kunne gått annleis. Det er viktig å problematisere Noreg i større grad enn før.

– Hovudutfordringa er å skrive noregshistoria utan å gjere Noreg for viktig åleine. Noreg er eit land i verda. Dette krev at vi ser Noreg i ein større kontekst og diskuterer Noreg i ein større internasjonal samanheng.

– Vi skal ikkje gjere historia anti-norsk, men heller ikkje til ein kontinuerleg sigersgong, seier Orning med eit smil.

Vikingtida ut og middelalderen inn

– Noreg er eit av mange fellesskap som er blitt viktige i moderne tid. Men i eldre tid var det mange fellesskap som var mykje viktigare. Til dømes bygda, regionen og det universelle fellesskapet gjennom kristendomen.

– Vi kjem til dømes til å kutte ut vikingtida som omgrep. Dette er ei periode som må avmytologiserast. Vi kjem til å bruke middelalderen på lik linje med resten av Europa, slår Orning fast.

Kvifor vart vi slik vi er?

– Det å skrive Noregshistorie forpliktar. Det er ikkje tvil om at det i dag finst ei enorm interesse for historie. I dag blømer landet av sogespel og lokalhistoriske undersøkingar. Vi har mykje å vere stolte av gjennom vår historie. Men vi bør passe oss for ikkje å bli sjølvgode. Tvangsekteskap og æresdrap har også blitt utført i Noreg i eldre tid.  Historie er viktig for å skape identitet, men ho bør også stimulere til nysgjerrigheit og undring. Det siste kan vere verd å understreke i en samtid der dei kulturelle frontane ofte er steile.

– Som historikar ser eg som ei viktig oppgåve å bidra til å nyansere bastante oppfatningar om kva som er ”norsk”. Det er viktigare å vise mangfaldet i Noreg og å bygge opp under nysgjerrigheita for kva som har skapt dagens Noreg..

Den uhøgtidlege forteljinga

– For oss inneber den kulturhistoriske forankringa også at kultur, i tydinga menneskeskapte produkt, bør tileignast større vekt enn det som ofte er vanleg i historiske framstillingar.  Konkrete ting som kunst, litteratur og musikk bør takast med, saman med omgangsformer, den daglege rytme og dei festlege samkomene som viktige delar i menneska sine liv, forklarar Orning.

Den nye noregshistoria skal kunne lesast som ei spennande forteljing eller brukast som eit oppslagsverk. Orning fortel at dei vil prøve å skrive direkte og uhøgtidleg, og variere både i språkbruk og stilnivå.

– Eg kjenner både May-Brith Ohman Nielsen og Magne Njåstad godt frå før. Nielsen vil ta føre seg moderne historie, medan eg vil ta føre meg eldre historie. Njåstad skal knyte dette saman med tidleg nytidshistorie.

Del på