Reisebrev frå Australia

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Doktorgradsstipendiat Kim-Daniel Vattøy opplever mykje under forskaropphaldet sitt i Brisbane Australia. Les om det i reisebrevet hans her.

Institute for Learning Sciences and Teacher Education (ILSTE) er eit tverrfagleg forskingsinstitutt som har lokale i hjartet av Central Business District (CBD) i Brisbane, Australia. Brisbane er hovudstaden og den mest folkerike byen i staten, Queensland. Her bur det om lag 2,5 millionar menneske og byen er i vekst med mange kraner og høge skyskraparar som vert bygde. ILSTE tilhøyrer Australian Catholic University (ACU), som er eit offentleg universitet i Australia med campusar over heile landet. Eg vart invitert hit allereie i mai 2018 av direktør, Professor Claire Wyatt-Smith, og eg har planlagt opphaldet sidan starten av det treårige ph.d.-løpet mitt i 2017. Eg skal vere her fram til desember 2019. Det var hovudrettleiar, Professor Kari Smith (NTNU), som hjalp meg med å kome i kontakt med Claire og ILSTE. Det er ca. 60 tilsette ved ILSTE og dei husar eminente nasjonale og internasjonale forskarar frå heile verda.

Australia bru
Story Bridge i regnbogedrakt og Brisbane-elva

Våren er frå september til november i Brisbane. For studentar vert denne årstida ofte kalla «Purple Panic». Dette er fordi Jacaranda-treet blømer og den lilla fargen vert kopla med eksamenangst. Eg sit i kontorlandskap saman med internasjonale ph.d.-stipendiatar frå mellom anna Italia og Nederland. Det er også fleire internasjonale forskarar som arbeider i forskarstillingar. Det unike med ILSTE er at forskarane her arbeider 100% med forsking, slik som meg no i ph.d.-løpet mitt. Det er derfor svært inspirerande å gå på jobb og ha uformelle samtalar med internasjonale forskarar som er lidenskapeleg opptekne av utdanningsforsking. For meg ligg det eit stort potensial i å utvikle ein internasjonal forskaridentitet.

Då eg kom til ILSTE, vart eg godt motteken på eit ekstraordinært morgonmøte. Eg hadde med meg ei gåve – brunost, brunosthøvel og melkesjokolade frå Noreg. Kollegaane mine ved ILSTE vart svært imponerte av at eg hadde teke meg arbeidet med å erklære desse varene gjennom den strenge sikkerheitskontrollen til Australia. Halve brunosten forsvann på det morgonmøtet og det var ein overveldande positiv respons. Neste dag møtte eg svoltne kollegaar utanfor kjøleskapet som lurte på om det var råd å få seg meir brunost.

Ei moglegheit til å presentere ph.d.-prosjektet mitt og få tilbakemelding frå kollegaar ved ILSTE opna seg tidleg. Eg vart invitert til å halde ein presentasjon i førelesingsserien, «ILSTE Brown Bag Series». Dette var svært givande og det utfordra meg til å diskutere funna mine frå dei tre artiklane mine av ph.d.-en min om «Responsiv pedagogikk og elevlæring i engelskundervisinga». Eg fekk mange gode tips og innspel om korleis styrke internasjonal relevans og samstundes idear om korleis drøfte implikasjonar av ph.d.-prosjektet mitt.

Kontor
Arbeidsplass på ILSTE i hjartet av Brisbane Central Business District (CBD). Med Jacaranda-treet som blømer i oktober, Cathedral of St. Stephen og skyskraparar i bakgrunnen.

Ein viktig del av internasjonaliseringa er nettverksbygginga eg tek del i her i Brisbane. Eg har hatt mange gode samtalar med kollegaar. Eg har også deltatt på «Teaching and Learning Week 2019» ved University of Queensland som er ein ferjetur ned til St. Lucia-campusen ved Brisbane-elva. Her var det både fleire nyttige seminar inn mot forskingstematikken min og eg fekk helse på fleire forskarar. Eg deltok også på ein keynote av Professor David Carless (Hong Kong-universitetet) om tilbakemeldingsprosessar og utvikling av partnarskap mellom lærarar og elevar. Dette vart arrangert av Queensland University of Technology (QUT), så her vart eg kjend med endå fleire forskarar. Dette var god førebuing for meg også fram imot konferansedeltakinga mi ved AARE-konferansen 2019 i starten av desember (Australian Association for Research in Educacation). Her skal eg presentere frå to av artiklane mine til ph.d.-avhandlinga mi.

“Have a good one, mate.”
 

Del på