Reisebrev frå Utrecht, Nederland

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

e109ba47039db09948d11ccabbdd2cbaTorhild og Terje ved hovudinngangen til Universiteit Utrecht. 

Formell invitasjon kom frå professor Paul Leseman ved Universiteit Utrecht, og opphaldet er finansiert av Nasjonal forskerskole for lærerutdanning (NAFOL) og Høgskulen i Volda.  

Terje: Her i Nederland arbeider eg med min vanlege studieadministrative jobb ved Høgskulen i Volda, og er vel med det eit døme på at fleire arbeidsoppgåver er uavhengige av geografi, men krev gode IKT-verkty og linjekapasitet. Studentane eg gir råd og rettleiing til, veit ikkje at dei har kontaktpersonen sin i Nederland, anten det er telefon via Lync eller epost. Det er heller ikkje det viktige. Ikkje alle arbeidsoppgåvene mine kan gjerast som om eg var lokalisert på campus i Volda. Difor tek eg  ut ein feriedag i veka. Fredagen er eg «reisebyrået» vårt slik at vi kan bruke laurdagen til å oppleve landet og kulturen. Våren har visseleg kome og tulipanhagane har opna. Møllene har ein open dag og kanalbåten går utanfor huset vårt. Vi har fleire museum berre eit steinkast unna, og kunstmusea har arbeid av nederlendarane Rembrandt, Vermeer og Van Gogh. Når vi i tillegg skal gjere oss kjende med ostesmaking og andre matgleder, skal det nokre laurdagar til.

Torhild: Eg har med meg doktorgradsprosjektet mitt om implementering av 2013-reforma i barnehagelærarutdanninga. Som student ved Høgskolen i Oslo Akershus sitt doktorgradsprogram Utdanningsvitenskap for lærerutdanning arbeider eg denne våren med forskingsanalyse ved hjelp av NVivo via Eduroam mot HVO-serveren. Her høyrer eg til ved Faculty of Social and Behavioral Science i professor Paul Leseman si forskargruppe som visiting scholar. Leseman driv eit stort forskingsprosjekt knytt til barn og barnehagekvalitet. Lærarutdanningsforskarane med mellom andre professor Theo Wubbels som sit i etasjen over, er også ein del av fagmiljøet mitt. Begge miljøa har fagleg trykk og er drivande.

6a742989aca5e84fd11171f6ce37d589Frå disputasen til Martine Broekhuizen (til venstre), Terje, Torhild, professor Paul Leseman, Hanna Mulder, Sanne van der Ven, Pauline Slot og Cathy van Tuijl. 

Universiteit Utrecht vart skipa i år 1636 og har i dag 6 300 tilsette, vel 30 000 studentar og er inndelt i sju fakultet. Universitetet skiltar med tolv Nobelprisar og var i 2014 på 1. plass på Shanghai-ranking i Nederland og på 16. plass i Europa. Utrecht er ein gamal by som romarane grunnla før Kristi fødsel. Byen var tidlegare krinsa av bymurar med kanalbygde vollgraver rundt. I denne gamle bydelen har universitetet mange bygningar som museum eller til representasjon. I dette museumsområdet har vi fått leilegheit i det som tidlegare var direktørbustad ved universitetet sin botaniske hage.

Nederland er eit enkelt land å reise til for utanlandsopphald. Ambassaden opplyste oss om at det ikkje var nødvendig med visum for denne type opphald. Språket er framandt - ja, men aviser, lokalt TV og opplysingsskilt greier å opplyse, sidan det er likt tysk, engelsk og noko norsk. Både unge og eldre snakkar godt engelsk og språket på universitetet sine fagmøte er på engelsk. I haust gjekk noko tid til å førebu opphaldet og leige leilegheit. Dette sidan Utrecht er ein forholdsvis liten by (330 000 innbyggjarar) som skal huse mange studentar. Terje sine iherdige framstøyt gav etter nokre veker likevel resultat. Universitetet har årleg 2500 besøkjande studentar og har eit heilt apparat knytt til denne verksemda. Som doktorgradsstudent vart Torhild registrert  som «staff» med dei rettane og pliktene det tilseier. Tenkjer nokon eit likande utanlandsopphald i Nederland, er det første steget å skaffe fram ein formell innbyder.

2e8a28c9c5a628119a19c9463dcc89c9Oudegracht, gamlekanalen i Utrecht, er ei populær handlegate.

Vi  fann oss raskt til rette i dette flate landet der lågaste punktet er å finne i byen Gouda, med sine 8 meter under havflata. Første dagen fekk Terje fiksa internettlinjer og Torhild duk og tulipanar på bordet, så då var vi liksom i gang. Torhild tek bussen til campus kvar morgon, og Terje vekslar mellom  heimekontor og campus. No synest vi det er lenge å vere borte frå familien då, men elles synest vi at dette er eit eventyr og ei stor moglegheit som er gitt oss. Tidleg i februar på ein dag med sur vind, kom det frå Terje: «Hadde vi hatt fjell, hadde vi hatt snø i fjella i dag!»

Dei faglege forventningane om utanlandsopphaldet viser seg å stemme. Arbeidsvekene gir utviklande samtalar, deltaking i work shop, skriveveke, prosjektframleggingar og besøk av internasjonale gjestar. Først 9. juni er vi tilbake på våre respektive kontor ved Høgskulen i Volda.  Sjåast då, Tot ziens!

Beste helsing Torhild og Terje Høydalsvik 

Del på