Rekordmange stipendiatstillingar utlyst

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har lyst ut heile 20 stipendiatstillingar. Så har du mastergrad og kan tenke deg tre-fire år der du fordjupar deg innan fagfeltet du brenn for, bør du søke no. Usikker på søknaden? Høgskulen tilbyr eige webinar om søknadsskriving.

20 utlyste stipendiatstillingar er det klart høgste talet i løpet av eitt år ved Høgskulen i Volda, og slår rekordåret 2020 då det var 14 stykk.

Stillingane er fordelt på desse fagområda: norsk språkvitskap, nynorskopplæring, oppvekst og utdanning (3 stk.), språk og litteratur, forskingsformidling (3 stk.), visuell kommunikasjon (3 stk.), medievitskap (3 stk.), helse- og sosialfag (2 stk.), samfunssdidaktikk og forskingsprosjektet «Avvergeplikt i møte med partnervold». Sjå lenke til dei ulike stillingane lengre ned i saken.

For å være kvalifisert til ei stipendiatstilling må ein ha ein mastergrad, normalt med karakteren B eller betre. Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Etter avtale med avdelinga kan tilsettingsperioden vere fire år, der 25 prosent av stillinga blir nytta til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen.

Kristine Vaadal var ferdig med si stipendiatstilling for berre nokre månader sidan. Sjå korleis ho opplevde å vere i stipendiat i Volda under her.
 


Lagt godt til rette

Ei stipendiatstilling gir ei unik moglegheit til å fordjupe seg i forsking i tre år, og ein ph.d. er den høgaste formelle utdanninga i Norge. Som doktor opnar det seg nye karrieremoglegheiter. Doktorgrad er ofte eit krav for faglege stillingar ved høgskular og universitet, men ein kvalifiserer seg også til jobb i leiande stillingar innan næringsliv, offentleg administrasjon, høgare utdanning og forsking.

Difor håper Henriette Hafsaas, forskingssjef ved HVO, på mange og gode søkjarar.

– Høgskulen i Volda er rause med driftsmidlar og støtteordningar til stipendiatar, og vi har mange forskingsgrupper der stipendiatane kan verte integrerte i fagmiljøa våre. Stipendiatane får eige kontor på campus, og vi gir støtte til utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden, fortel Hafsaas før ho legg til:

– Vi har også eit eige avhandlingsforum for stipendiatar der dei kan legge fram utkast til artiklar eller avhandlingskapittel og få tilbakemeldingar og innspel frå andre stipendiatar, tilsette ved høgskulen og andre fagfolk som gjestar forumet. Samlingane har ofte ei sosial ramme.

Søkarwebinar

I vurderinga av søkarar, vert det lagt avgjerande vekt på prosjektskissa for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga). Høgskulen arrangerer difor eit søkarwebinar der det blir gitt tips til korleis ein kan lage gode forskingsprosjekt.

Professor II  Per Henning Uppstad vil kort gå gjennom og gje råd om korleis forhalde seg til utlysinga. Resten av tida vil han gi nokre innspel på korleis skrive fram prosjektideen og designet på ein effektiv og klår måte. Siste del av webinaret vil gi rom for spørsmål frå deltakarane. 

Webinaret går føre seg torsdag 29. april kl. 14.30–15.45.Interesserte må innan tysdag 27. april melde seg på til professor Per Halse per mail: per.halse@hivolda.no eller til ein av kontaktpersonane som er oppgjevne i utlysingane. 
Påmelde vil få tilsendt lenke til webinaret per e-post.
 

Her er dei utlyste stillingane:

Ph.d.-stipendiat i norsk språkvitskap (søknadsfrist 22. juni)

Ph.d.-stipendiat i nynorskopplæring (søknadsfrist 21. juni)

Ph.d.-stipendiatar til forsking på oppvekst og utdanning (3 stillingar med søknadsfrist 21. juni)

Ph.d.-stipendiat i språk og litteratur (søknadsfrist 21. juni)

Ph.d.-stipendiat i forskingsformidling (3 stillingar med søknadsfrist 10. mai)

Ph.d.-stipendiat i visuell kommunikasjon (3 stillingar med søknadsfrist 10. mai)

Ph.d.-stipendiat i medievitskap (3 stillingar med søknadsfrist 10. mai)

Ph.d.-stipendiat i helse- og sosialfag. Profesjonsutøving - vilkår og utvikling (2 stillingar med søknadsfrist 7. juni)

Ph.d.-stipendiat i samfunnsdidaktikk (søknadsfrist 5. juni)

Ph.d.-stipendiat ved forskingsprosjektet «Avvergeplikt i møte med partnervold» (2 stillingar med søknadsfrist 3. mai)

Del på