Samfunnsforsking – eit spennande og givande arbeidsfelt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Mastergradsstudium i samfunnsplanlegging og leiing er ei solid utdanning med høve til spesialisering. Med gode utsikter til arbeid, både i privat og offentleg sektor, kan utdanninga vere med og opne mange dører.

- Eg valde å ta mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing då studiet er tverrfagleg, og slik ga meg mange valmoglegheiter etter enda studium. Eg hadde også høyrt frå andre at Volda har høg fagleg standard, med dyktige førelesarar, seier Marte Hanche-Dalseth.


4d18c8b3143ab733338a6af4716fa17c2e30a042

Marte Hanche-Dalseth arbeider som forskar ved Møreforsking i Volda. (Foto: Iris Engen Skadal)
 

Høve til å pendle
Mastergradsstudiet er ei toårig vidareutdanning som kan takast på heiltid eller deltid. Studiet kvalifiserer for planlegging og leiing på mange nivå i samfunnet. Utdanninga kan vere inngangen til mange spennande stillingar, og gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar.

- Det at studiet var organisert i vekesamlingar med konsentrert undervisning gjorde også at eg hadde høve til å pendle til og frå Ålesund, og slik kunne eg halde på deltidsjobben min der.


Meirsmak på forsking
Mastergradsstudiet i samfunnsplanlegging og leiing er på 120 studiepoeng. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og gjennomsiktige prosessar.

- Arbeidet med masteroppgåva har gitt meg meirsmak på forsking, og eg søkte derfor arbeid hos Møreforsking i Volda, der eg no er tilsett. Masteroppgåva gir kjennskap til forskingsfeltet, og høve til å søkje forskarstillingar og/eller gå vidare med doktorgrad. Samfunnsforsking er eit utruleg spennande og givande arbeidsfelt, avsluttar Hanche-Dalseth.


Les meir om:
Masteroppgåva til Marte Hanche-Dalseth: "Det glemte kjønn"

Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing


Del på