Seminar: Klosteret på Selja – i Norge og i verda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Seminaret vil ta opp ei rekkje tema knytt til klosteret på Selja, frå utviklinga av klostervesenet i mellomalderen og benediktinarane sin strategi med å fremje Sunniva- og Seljumannskulten, til korleis klosteret manøvrerte i den vanskelege tida etter Svartedauden og fram mot reformasjonen.

Prosjektet «Fylkeshistoria for Sogn og Fjordane» skal skrive historia til Sogn og Fjordane frå dei eldste tider til i dag. Prosjektet starta opp i 2011 og prenteklart manuskript er planlagt ferdig i 2015. Les meir her. I første bind vil historia knytt Selja og klosteretableringa vere eit vesentleg innslag. Prosjektet legg vekt på fagleg dialog undervegs og at både lekfolk og fagfolk er involvert i den faglige diskusjonen. Det er også viktig for prosjektet å møte fagfolk og lekfolk med spisskompetanse på øya Selja si historiske rolle.

Den norske historiske forening er ein historikarorganisasjon som arrangerer populærhistoriske seminar i regionen. Seminaret inngår også som eit ekskursjonstilbod for studentar ved høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane, og ved NTNU.

Meir info, påmelding osv. her.

Del på