SEMINAR: MODERNITET - NASJON - SKRIFTKULTUR

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Det overordna temaet for konferansen er sambandet mellom modernitet, nasjon og skriftkultur, seier leiar for Ivar Aasen-instituttet Odd Monsson.

monsson-o
Leiar for Ivar Aasen-instituttet Odd Monsson.

– Ein av forelesarane, Jack Goody, er nestor i Europa når det gjeld fagområdet skriftkultur, og eit verkeleg stort namn i denne samanhengen. Det at han kjem til Volda i denne samanhengen, er eit scoop. Særleg fordi han har uttrykt interesse for nynorsk skriftkultur og prosjektet her i Volda, seier Odd Monsson.

Dei andre som deltar, er og mellom dei fremste på sine område: professor Kjell Lars Berge (tekstteori) professor Helge Sandøy (lingvistikk) professor Narve Fulsås (historie) professor Idar Stegane (litteratur). Det er såleis litt av eit beite som skal diskutere nynorsk skriftkultur desse to dagane.

MEIR OM SEMINARET:

Nynorsk skriftkultur seminar:
MODERNITET - NASJON - SKRIFTKULTUR

Stad:Berte Kanutte-huset, store auditorium
Høgskulen i Volda

Tid: 22. - 23. mai

Arrangør:Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda


TEMA

Nynorsk skriftkultur som forskings- og studiefelt

Mål
Konferansen skal rette søkjelyset mot skriftkultur som eit moderniserings- og nasjonsbyggingsprosjekt i Vest-Europa frå 1700-talet, og plasseringa av den nynorske skriftkulturen i denne samanhengen. Det overordna temaet for konferansen er sambandet mellom modernitet, nasjon og skriftkultur.

Modernitet og nasjon
Moderniteten la sterke føringar for framveksten av dei vesteuropeiske nasjonalstatane frå 1700-talet. Nye produksjonsformer og organisasjonsformer i økonomien og endringar i den internasjonale handelen skapte nye samfunnselitar. Moderniteten tvinga fram så vel nye politiske institusjonar som eit nytt tilhøve mellom styrande og styrte, og han kravde nye typar lojalitetsband. Der dei styrande tidlegare hadde henta legitimitet frå Gud, gjekk han no ut frå nasjonen. Dette førte med seg ei ny plassering av mennesket i tida. Fortida kunne tolkast på ulike vis. Ho vart ein reiskap for å legitimere politiske og kulturelle tilhøve i samtida, og ho kunne leggje føringar for framtida ved å gje legitimitet til samfunnsomformingar. Kampen om retten til å levere autoriserte tolkingar av fortida stod sentralt i samfunnskampen.

Språket og skriftkulturen
Språket og skriftkulturen vart dei viktigaste symbola på dei nye nasjonalkulturane. Dei utgjorde også den fremste reiskapen for spreiinga av nye kollektive mentalitetar. Nasjonalspråka vart både eit nasjonalt symbol og del av eit populariseringsprosjekt. Den moderne offentlegheita var samstundes både ein føresetnad for og - på den andre sida -avhengig av skriftkulturen sin framvekst. Skulesystemet vart krysningspunktet for desse prosessane.

Den nynorske skriftkulturen
Den nynorske skriftkulturen ber i seg alle desse kjenneteikna, og må difor sjåast som eit vest-europeisk danningsprosjekt med røter i 1700-talet. Likevel har den nynorske skriftkulturen viktige særdrag: Han utgjorde både eit innslag i og ein front mot eit overordna nasjonsdanningsprosjekt. Han var like mykje uttrykk for ein regional som ein nasjonal identitet. Han henta like mykje legitimitet i samtida, i dei levande målføra, som i fortida. Det nynorske har difor vore djupt merkt av spenninga mellom regionalisme og nasjonalisme på den eine sida, og mellom det sosiale legitimeringsgrunnlaget, folkepedagogikken, og det nasjonale, historia, på den andre.

Temaet den første dagen vil vere nynorsk skriftkultur som forskingsfelt.

Innleiingsforedraget på konferansen vert halde av sosialantropologen professor Jack Goody frå Universitetet i Cambridge. Han ser skriftkulturen som eit ledd i den europeiske moderniseringsprosessen. Historikaren professor Narve Fulsås frå Universitetet i Tromsø ser nynorsk skriftkultur utifrå ein historisk ståstad, og tekstlingvisten professor Kjell Lars Berge frå Universitetet i Oslo ser på dei tekstteoretiske føresetnadene for nynorsk skriftkultur.

Den andre dagen av konferansen vil konsentrere seg om nynorsk skriftkultur som studiefelt, med innlegg av lingvisten professor Helge Sandøy frå Universitetet i Bergen og litteraturvitar professor Idar Stegane frå Universitetet i Bergen. Deretter vert det eit arbeidsseminar om studiefeltet nynorsk skriftkultur, med bakgrunn i studieplanen til det planlagde hovudfaget i nynorsk skriftkultur.


PROGRAMMET

Måndag 22. mai

11.00: Opning
Førsteamanuensis J. Peter Burgess

11.15: Hovudinnlegg
Professor Jack Goody: "Modernity, Nation, Written Culture"
Replikk ved professor Stephen J. Walton

12.15: Diskusjon

12.45: Lunsj

14.00:Professor Narve Fulsås: "Historical Contexts for New Norwegian Written Culture"
Replikk ved forskar Nils Rune Langeland

15.00: Diskusjon

15.30: Professor Kjell Lars Berge: "Textual-theoretical Presuppositions of New Norwegian Written Culture"
Replikk

16.30: Jack Goody: Avsluttande merknad

Diskusjon


Tysdag 23. mai


09.00: Professor Helge Sandøy: "Synsmåtar på forholdet mellom skrift og tale"
Replikk ved høgskulelektor Odd Monsson

10.15: Professor Idar Stegane: "Ei nynorsk litterær offentlegheit?"
Replikk ved førsteamanuensis Jan Inge Sørbø

11.15: Diskusjon

11.45: Lunsj

13.00-16.00: Arbeidsseminar

13.00: Tema frå studiefeltet nynorsk skriftkultur med bakgrunn i studieplanen til det planlagde hovudfaget.
Høgskulelektor Odd Monsson. Førsteamanuensis Sveinung Vaage
Replikk: sosialantropolog forskar Inger-Elin Øye, stipendiat i filosofi Hans Marius Hansteen

13.30: Diskusjon

16.00: Avslutning

FORELESARAR
Jack Goody er Professor Emeritus, tidlegare William Wyse Professor of Social Anthropology, University of Cambridge og Fellow, St. John's College, Cambridge. Mellom dei mange viktige verka han har gjeve ut gjennom sin lange karriére, er Literacy in Traditional Science (1968), The Character of Kinship (1973), The Domestication of the Savage Mind (1977), The Logic of Writing and the Organization of Society (1986), The Interface between the Oral and the Written (1987), L'homme, l'ecriture et la mort (1986). Hans siste bok er Love and Food (1999).

Narve Fulsås , dr. philos, er professor ved universitetet i Tromsø, der han underviser i nyare nordnorsk historie, 1800-talshistorie, historiografi og historisk teori/metode. Han har m.a. publisert Voksteren og fallet til ein nordlandsk handelssad: Kjærringøy i K. Zahl si tid 1850-1900 (1983), Universitetet i Tromsø 25 år (1993) og Historie og nasjon: Ernst Sars og striden om norsk kultur (1999).

Kjell Lars Berge, dr. art, er professor ved Universitetet i Oslo, der han underviser i tekst, kommunikasjon/pragmatikk, semiotikk og retorikk. Har m.a. publiseret Skolestilen som genre (Oslo 1988), Tekstnormenes diakroni. Noen ideer til en sosiotekstologisk analyse av tekstnormendring (Stockholm 1990), Norsksensorenes tekstnormer og doxa (Trondheim 1996). Han er medlem i eksekutivkomiteen i International Association for Semiotic Studies.

Helge Sandøy, mag. art, er professor ved Universitetet i Bergen, der han underviser i fonologi, dialektologi, historisk lingvistikk, språkhistorie og sosioloingvistikk. Har publisert Laust samansette verb i vestnordisk. (1976), "Han åt og kjem seg: Om en vestnordisk aspektkonstruksjon (Bergen 1986), Norsk dialektkunnskap (Oslo 1987), Talemål (Oslo 1996). Han har vore språkkonsulent i NRK, og er medlem av Norsk språkråd.

Idar Stegane, dr. philos, er professor ved Universitetet i Bergen, der han underviser i nynorsk litteratur, nyare litteratur, barne- og ungdomslitteratur, og lyrikk etter 1890. Har m.a. publisert Olav H. Hauges dikting (1974), Mons Litlerés forlag (Oslo 1983), Det nynorske skriftlivet (Oslo 1987), "Medierevolusjon og modernisme. 1945-1990-åra" i Norsk litteratur i tusen år (Oslo 1994, 1996). Han er leiar i Rådet for norsk barnebokinstitutt.



ARRANGØR
Ivar Aasen-instituttet
Ivar Aasen-instituttet er eit forskingsinstitutt knytt til Høgskulen i Volda (HVO). Det skal ivareta knutepunktfunksjonen i nynorsk skriftkultur, som høgskulen er tildelt av KUF. Instituttet skal drive forsking, forskingsformidling og utdanning innafor fagfeltet nynorsk skriftkultur. Ivar Aasen-instituttet har eit nært samarbeid med Nynorsk kultursentrum, som arbeider med realiseringa av Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

Gjennom prosjektet "Det europeiske i det nynorske" deltar Ivar Aasen-instituttet i forskingsprosjektet "Det egne og det andre" ved NTNU, Trondheim. Dette prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd gjennom Program for kulturstudier. Programmet starta opp i 1998 og det varer fram til 2002. "Det europeiske i det nynorske" vert koordinert ved Ivar Aasen-instituttet.

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda er den største høgskulen i fylket med om lag 200 tilsette og 2.200 studentar. Høgskulen har fire avdelingar: Avdeling for humanistiske fag, Avdeling for lærarutdanning, Avdeling for mediefag og avdeling for samfunnsfag, og Ivar Aasen-instituttet, som er eit frittståande institutt organisert direkte under høgskulestyret.


Kontaktpersonar:>/B>
Odd Monsson
Tlf.: 70 07 50 43 E-post: odd.monsson@hivolda.no

Sveinung Vaage
Tlf.: 70 07 51 37 E-post: sveinung.vaage@hivolda.no

Svein Ivar Angell
Tlf.: 70 07 50 46/55 58 22 12 E-post: svein.angell@sek.uib.no

J. Peter Burgess
E-post: burgess@datacomm.ieu.it

Adr.: Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda
Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51

WORLD WIDE WEB
Meir informasjon om denne og andre konferansar i regi av Høgskulen i Volda finn du på http://www.hivolda.no



Del på