Seminar og festskrift til professor Peder Haug

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Festskrift

Professor Peder Haug har lenge stått sentralt i norsk pedagogisk forsking. Forskingsfeltet hans har særleg vore knytt til eit reform- og endringsperspektiv på utdanning og utdanningspolitikk. Sjå nytt intervju i A-MAGASINET.

 

haug-peder-08-melding

Professor Peder Haug.

 

Då Haug for ei tid tilbake fylte 60 år, blei det difor teke kontakt med ei rekkje av dei han har samarbeidd med gjennom dei to siste tiåra med tanke på å belyse dette feltet. Bidraga drøftar ulike reform- og endringsperspektiv på utdanning og utdanningspolitikk, og viser også noko av breidda, mangfaldet og samfunnsaktualiteten i dagens pedagogiske forsking.

Førsteamanuensis Kjell-Arild Madssen ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO er redaktør for festskriftet som har fått tittelen ”Pedagogikken i reformene, reformene i pedagogikken”. Boka, som kjem ut på Abstrakt Forlag, har aktuelle bidrag frå Alfred Oftedal Telhaug, Gunn Imsen, Ulf P. Lundgren, Sidsel Germeten, Thomas Nordahl, Bengt Persson, Thor Ola Engen, Ove Karlsson Vestmann, Kirsti Klette, Niels Egelund og Peder Haug.

Lansering og seminar 

Festskriftet blir lansert i samband seminaret ”Pedagogikkfaget i lærerutdanningen”, eitt av to seminar om norsk lærarutdanning ved Høgskulen i Oslo måndag 25. august. Frå HVO skal Peder Haug, førsteamanuensis Kjell-Arild Madssen og professor Kåre Heggen halde innlegg under seminardagen.

Program (pdf)

Meir informasjon, påmelding osv.

 

Del på