Seminar om Brukaren, Helse Sunnmøre og framtida

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Jan Ole Bolsø var til stades på seminaret i Ålesund og kan fortelje om mange spanande foredrag:
– Eit foredragshaldar som verkeleg gjorde inntrykk, var overlege dr. med. Lars Ottestad med temaet ”Legevitenskap og helsevesen”. Dette var ei lærerik oppleving, og han klarte på ein flott måte å leie forsamlinga frå Hippokrates via den moderne legevitskapen sitt skilje mellom kropp og sjel inn i eit djupdykk i cellene og kreftcellene si verd. Mot slutten vart vi tatt med tilbake til kvardagen med eit fokus på de psykiske problema ein kreftdiagnose fører med seg – ikkje berre for den sjuke, men også for familie og vener. Eg trur eg vil seie det så sterkt at den som ikkje får med seg dette foredraget, bør verkeleg angre. Det stod i god samanheng med andre overbyggjande foredrag av direktør Astrid Eidsvik, leiar av Brukerutvalget Astrid Årø Engen og gode innspel om skog, meistring og Lærings- og meistringssenteret. Når ein i Volda i tillegg set fokus på mat og matglede både gjennom øyre, munn og mage, så bør mange nytte torsdagskvelden til påfyll både for kropp og sjel. Det vil dei ikkje angre på.

Tid:  Torsdag 23. sept. kl. 18.00-21.00
Stad: Berte Kanutte-huset, store aud.

Meir om programmet på http://www.hivolda.no/index.php?ID=12950
og på www.hivolda.no/forskingsdagane

helsepedtrio

Del på