Seminar om Jostein Fet og bokhistorie

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dessutan spring seminaret direkte ut frå ei gåve som Jostein Fet nyleg har gitt til Nasjonalbiblioteket: Ein del av det forskingarkivet han har bygd opp i den store registreringa han har gjort av bøker som fanst i bondeheimar; 3700 eksemplar fordelt på 450 eigarar. Registreringa vart i hovudsak gjord i 1978, men no er materialet ordna med register etter emne, og er eit sentralarbeid innan forskinga av kva folk las, og kva for bøker dei hadde.

Seminarprogram 19. januar:

Kl. 10.00: Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein ønsker velkommen

Kl. 10.10: Guri Hjeltnes, historiker og professor ved Handelshøyskolen BI
Lokalhistorie i nasjonalt perspektiv. Jostein Fet og de bokhistoriske studiene.

Kl. 10:30: Sigbjørn Grindheim, forskningsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket
Om kildemateriale for bokhistorie i Nasjonalbibliotekets håndskriftsamling.

Kl. 11.00: Elisabeth Eide, førsteamanuensis ved Nasjonalbiblioteket
Bøker på Sunnmøre på 17- og 1800-tallet i lys av Suhms 'Fornødent bibliotek'.

Kl. 11.30: Jostein Fet
Registrering av den gamle bokbestanden i Sunnmørsbygdene. Nokre røynsler.

Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum, vil leie seminaret, som er ope for alle.

df7431437473ad1b7eba92adab0f59bd452fba4c

Jostein Fet understrekar at det berre er ein del av forskingsmaterialet han nå har overlete til Nasjonalbiblioteket. Hovudtyngda av arkivmaterialet er framleis ved Høgskulen i Volda, og kan vere grunnlag for mykje forsking i åra framover på mange felt.

På slutten av 1960-talet var Fet ein av pionerane ved oppstartinga av Møre og Romsdal distriktshøgskule, som seinare vart Høgskulen i Volda. Her var han dosent i nordisk litteratur til han gjekk av i 1990. Han heldt fram som aktiv forskar, og i 1995 gav han ut Lesande bønder. Litterær kultur i norsk allmugesamfunn før 1840, der han snur opp ned på standardoppfatningane om lesekunna til den norske allmugen.

I 2003 kom det frittståande framhaldet: Skrivande bønder. Skriftkultur på Nord-Vestlandet 1600–1850, der Fet går inn på kva bøndene skreiv i den aktuelle perioden. I 2006 kom Eksetiania. Aarflots prenteverk 1809–1935. Bibliografi og kulturhistorie. I denne boka har Fet utarbeidd ein kronologisk ordna bibliografi over 716 bøker, småtrykk, tidsskrift, aviser, høvestrykk, almanakkar og himmelbrev som vart prenta på Aarflots prenteverk i perioden 18091935.

Den førebels siste boka hans er Natur og eros. Her presenterer Jostein Fet 32 nynorske gjendiktingar av Johann Wolfgang von Goethe. Boka inneheld også eit kapittel om Goethes liv og dikting, og dessutan reflekterer Fet rundt temaet natur og eros og utfordringar knytte til gjendiktinga.

Del på