SEMINAR OM KRISE-OG KATASTROFEJOURNALISTIKK

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Norsk Journalistlag ved Høgskulen i Volda skal i samarbeid med Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda arrangere seminar om krise og katastrofejournalistikk. Seminaret vert halde 10 og 11 november.

Tidlegare konsernsjef i NSB, Osmund Ueland og journalist Anders Hagen frå Dagbladet vil fortelje om dei opplevingane dei hadde i høve Åsta-ulukka. Steinar Rishaug, nordsjøprest, familieterapeut og nytilsett studiesjef ved Høgskulen i Volda, vil fortelje om korleis pårørande reagerer ved katastrofer.

Foredraga vil fokusere på journalisten si rolle i ein katastrofesituasjon.Seminaret vert avslutta med ein paneldebatt om media si dekning av katastrofar.

Førebels program:
Fredag

18:00
Opning ved Randi Kvinge, leiar av redaksjonsklubben. Presentasjon av temaet.

18:15
Journalist Anders Hagen frå Dagbladet fortel om sine opplevingar frå Åsta i dagane etter togulykka.

19:30
Tidlegare konsernsjef i NSB, Osmund Ueland fortel om mediepresset rundt
Åsta-ulukka.

21:00
Middag på Volda Turisthotell (Porse)

Laurdag

10:00
- Programmet ikkje klart -

11:00
Steinar Rishaug, nordsjøprest og familieterapeut fortel om korleis pårørande reagerer på katastrofar. Korleis skal journalistar takle pårørande og seg sjølve etter store katastrofar?

12:00
Paneldebatt om mediedekninga av katastrofar. Deltakarar: Osmund Ueland,
Steinar Rishaug, Anders Hagen.

14:00
Slutt.

Påmelding og meir informasjon:http://student.hivolda.no/nj/

Kontakt:
Redaksjonsklubben:nj@student.hivolda.no.
Anders Eriksen på tlf 92469433.




Del på