Seminar om Mjøs-utvalet si innstilling

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Oppfatningane om kunnskapssamfunnet har blitt framstilt som vår tids store forteljing. Denne forteljinga ligg i botnen for den utdanningspolitiske debatten for tida, og den set sitt sterke preg på innstillinga frå Mjøsutvalet. Den har eit tyngdepunkt der fokus blir lagt på relevans, og den ser ut til å drive fram eit paradigmeskifte i utdanningspolitikken der den sosialdemokratiske planleggingshorisonten blir erstatta av deregulering, konkurranse og meir marknadsorienterte incentivsystem. Eg tolkar dette som ein ideologisk korreksjon i oppfatningane om høgre utdanning, frå ein idealistisk modell med tyske førebilete til ein meir resultat- og marknadsorientert modell med amerikanske førebilete. Den tyske tradisjonen har måtta vike for ei "amerikansk" omdefinering av kontrakten mellom universitet og samfunn. Samfunnet skyt så og så mykje inn i UoH-sektoren, men krev å få noko tilbake, skriv rektor Gunnar Stave i ein kommentar til Mjøsutvalet si innstilling.

Seminar
På seminaret i dag vil medlem i Mjøsutvalet, professor Turid Karlsen Seim, starte seminaret med innlegget "Høgre utdanning og forsking i kunnskapssamfunnet". Innlegget etter lunsj har tittelen "Fridom under ansvar - nye organisasjonsmodellar i høgre utdanning."

mjos1
Professor Turid Karlsen Seim
og rektor Gunnar Stave


Både rektor Gunnar Stave og høgskuledirektør Jan Driveklepp skal følgje opp innlegga med kommentarar, og det vert opna for spørsmål og diskusjon.

mjos2
Høgskuledirektør Driveklepp er tydlegvis
godt nøgd med seminaret så langt.


Om lag 150 av høgskulen sine folk er påmelde, og diskusjonen gjekk livleg rundt borda under lunsjen i dag.

mjos3
Mjøs-utvalet si innstilling engasjerer.


Les meir av rektor Stave sin kommentar til Mjøs-utvalet:
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=462

Del på