Seminar om møtet mellom religionar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Kulturmøte og kontekstualiseringsproblematikk var lenge ei sak for misjonen. Del siste tiara har likevel vist at vi ikkje kan halda slike kulturelle brytingar på god avstand frå den vestlege kulturkrinsen lenger. Innvandring frå andre verdsdelar har såleis påført oss religiøst lada kulturmøte på heimebane. I tillegg har nye kommunikasjonteknologiar gjeve kulturmøta ein ny dimensjon, nemleg ein aukande religiøs og livssynsmessig synkretisme. Dette utfordrar ikkje berre kyrkja men kulturtradisjonen vår i det heile.

På dette seminaret inviterer vi til samtale omkring del spørsmåla som slike religionsmøte reiser.

Program

Måndag 12.10.98
Open gjesteførelesning
Rom: Aasen 228

0915 1100:
Professor Jan Martin Berentsen: Religionsteologiske perspektiv

1. tema: Kulturkontekst og kristen misjon
Rom: Aasen 233

1200 1215:
Introduksjon til seminaret v/Per M. Aadnanes

1215 1330:
Førsteamanuensis Arne Redse: Kulturskilnader, religionsmøte og
kontekstualisering

1345-1500:
Professor Jan Martin Berentsen: Kristendommens møte med folkeleg
buddhisme i Japan

1500 1530:Pause

1530 1700:
Førsteamanuensis Arne Redse: Buddhisme i aust og vest


Tysdag 13.10.98
2. tema: Religionsmøte på heimebane
Rom: Aasen 233

0915 1100:
Amanuensis Jan Opsal: Islams møte med norsk kristendom

1100 1130: Pause

1130 1330:
Cand. theol. Joachim Grün: Utfordringa frå nyreligiøsiteten



FAKK
Faggruppe for kristendomskunnskap og kyrkjefag

Del på