Seminar om profesjonsforsking 14. april

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Profesjonsutdanning er ein sentral del av HVO si verksemd. Ein god del av FoU-arbeidet vårt reflekterer dette, men sjølve profesjonsperspektivet har hittil vore lite i fokus, melder forskingsleiar Reidun Høydal ved Høgskulen i Volda.

- Det er ei stor og interessant utfordring å forske på vår eiga verksemd som profesjonsutdannar, samstundes som det i aukande grad vert stilt krav til at vi også forskar på ulike sider ved yrkesutøvinga i praksisfeltet. Særleg tydeleg er dette for lærarutdanninga, der det i fleire stortingsmeldingar, no sist i St. meld. 30 Kultur for læring, eksplisitt vert uttrykt ein vilje til ”sterkere og mer målrettet satsing på praksisrettet forsknings- og utviklingsarbeid .”   

Målet med dette seminaret er å sette i gang ein diskusjon om kva potensiale som ligg i profesjonsforsking som overordna grep, både når det gjeld organisering og innhald. Eit nyttig utgangspunkt er å lære av andre sine erfaringar, og vi har derfor invitert professor Lars Inge Terum ved Høgskolen i Oslo (HiO) som foredragshaldar. Terum er leiar for Senter for profesjonsstudier (SPS). Hans faglege interesser er knytt til studiar av velferdsstatens yrke og brukarar. Han har dei siste åra særleg studert moderniseringa av fattighjelpa og profesjonell yrkes- og skjønnsutøving.

PROGRAM

Tid: Torsdag 14. april
Stad: Henrik Kaarstad-huset, rom 204 (Gamle festsal)

09.15 Opning v/rektor Gunnar Stave
         Foredrag v/ professor Lars Inge Terum

10.00 Pause

10.15 Foredrag v/professor Lars Inge Terum

11.00 Lunsj

12.00 Diskusjon

Gjennom to foredrag vil Terum formidle erfaringar med HiO si satsing på profesjonsforsking. Han vil både snakke om dei organisatoriske grepa som er gjort, og om den forskinga senteret utfører. HiO har altså valt å skilje ut denne verksemda i eit eige Senter for profesjonsstudier. Senteret kom i gang i 1999, og har no fått godkjent si eiga doktorgradsutdanning, som startar opp hausten 2005. Nyleg fekk også senteret midlar til tre større forskingsprosjekt gjennom Velferdsprogrammet i Noregs forskingsråd. Eitt av desse er leia av vår eigen professor Kåre Heggen. Eit anna gir SPS støtte til vidareføring av prosjektet StudData, Database for studiar av rekruttering og kvalifisering til profesjonell yrkesutøving. StudData er Nordens største longitudinelle database, og følgjer studentar frå studiestart til dei er godt etablerte på arbeidsmarknaden. Ni høgskular/universitet er med i databasen, mellom dei Høgskulen i Volda.

Her finn du meir informasjon om Senter for profesjonsstudier: http://www.hio.no/content/view/full/1074

Del på