Seminar: Planlovdagar i Volda

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Program og påmeldingsskjema finn du her:
http://www.hivolda.no/asf/planlov2001/

PLANLOV

Sjå brosjyren i PDF-format:
http://www.hivolda.no/melding/PLANLOV.PDF

Tema
· Regional forvaltning i endring
· Utvikling av plan- og styringssystemet
· Forvaltning av kystsona
· Berekraftig by- og tettstadutvikling

Dette er viktige tema for samfunnsutviklinga, og viktige tema for det regjeringsoppnemnde Planlovutvalet sitt arbeid. Utvalet sitt oppdrag er å ?vurdere hvorvidt planleggingsbestemmelsene i plan- og bygningsloven og tilgrensende lover kan endres, slik at det blir lettere å ivareta viktige samfunnsinteresser.?

Med dette som utgangspunkt inviterer Institutt for kommunalfag ved Høgskulen i Volda til tre spennande og innhaldsrike dagar, der desse tema blir sett på dagsorden.Planlovdagane blir arrangert i samarbeid med Miljøverndepartementet, og er ein del av høyringsopplegget rundt Planlovutvalet si første delinnstilling.

Opplegg
· 3 dagar der du er velkomen til å vere med på alt, eller kan gjere eit utval
· To hovudtema kvar dag, med gode høve til kommentarar og diskusjonar til kvart tema

Målgruppe
· Planlovdagane er for alle med interesse for samfunnsplanlegging og
-utvikling: Politikarar, planleggarar, tilsette i offentleg forvaltning, private aktørar, studentar m.m.

Formål
· Å gi høve til breie drøftingar rundt sentrale plan- og utviklingsrelaterte spørsmål
· Å skape eit møte mellom Planlovutvalet og dei som er opptatt av utvalet sitt arbeid
· Å vere eit høve til fagleg påfyll

Stad
Planlovdagane vert halde ved Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, Joplassvegen 1, vesle auditorium.

Kostnader
Deltakarane må dekkje utgifter til lunsj og kaffi, kr 100,- pr dag, samt eigne reise- og opphaldsutgifter. Omvising, film og varmrett i Ivar Aasen-tunet kjem i tillegg (ca. kr 150,-).

Påmelding
Påmelding er på eige skjema (ligg ved programmet). Det kan også gjerast elektronisk ved å sende ein e-post til kev@hivolda.no. Påmeldingsfrist 1. mars.

Del på