Seminarrapport

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

I 1997 arrangerte Høgskulen i Volda eit seminar for å presentere breidda og særtrekka ved den omfattande forfattarskapen til Hans Strøm. Hans Strøm var ein av dei fremste vitskapsmennene og sakprosaforfattarane i Danmark-Noreg på 1700-talet.

På Sunnmøre er han mest kjend for det banebrytande naturvitskaplege og økonomiske verket i to bind om denne landsdelen som kom ut i åra 1762 og 1766. Men i røynda femnde forfattarskapen hans langt vidare enn dette, og i dag er det få som veit mykje om denne imponerande innsatsen til Hans Strøm ved sida av prestegjerninga både på Sunnmøre og sidan i Eiker.


H-str

Denne boka inneheld artiklar som er vidare bearbeidde på grunnlag av foredraga på Hans Strøm-seminaret. Personar som høyrer til svært ulike fagfelt og fagmiljø skriv om Hans Strøm si verksemd og samtid. Her er artikkelforfattarar som høyrer til i historiefaget, naturvitskapane, samfunnsvitskapen, teologien og litteraturvitskapen. Dette fortel også litt om kor allsidig verksemda til Hans Strøm i røynda var.


Arbeidsrapport nr. 81
ISBN: 82-7661-107-9
ISSN: 0805-6609

Del på