Ser inn i framtida med ny teknologi

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

96e57abd3d0d25459dc75998264782db

Sissel Midtlid og Thorstein Vasset sit klistra til dataskjermen med eit avansert 3D-program framfor seg. Høgskulelektorane held på å lære seg programmet som skal styre den nye 3D-skrivaren Høgskulen i Volda (HVO) har skaffa seg.

– Her kan ein lage eit kaffiservise eller eit sjakkbrett, alternativa er så mange, seier Vasset.

naturlig del av faget

Kort fortalt lagar 3D-skrivaren fysiske modellar eller prototypar som er teikna i dataprogrammet. I første omgang arbeider Midtlid og Vasset med eit plastmateriale, men dei ser for seg å ta i bruk andre material i framtida.

– Vi ønskjer å utforske form og modellere ulike former. Det blir eit godt supplement til den vanlege materiallæra vi har i dag. For min del gleder eg meg til å prøve ut dette i leire, seier Midtlid. For Vasset blir det metall han skal utforske saman med studentane med det nye verktøyet deira.    

Men før studentane slepp til skal dei to lektorane lære seg å bruke dataprogrammet og skrivaren. Til det har dei fått hjelp av Kjetil Sømoe, høgskulelektor frå Høgskulen Stord/Haugesund (HSH). Sømoe har nytta 3D-skrivar i undervisninga i nokre år. Han har tatt imot besøk frå Midtlid og Vasset og gitt dei opplæring. I tillegg var han to dagar på HVO i førre veke for å dele av sin kunnskap om nyvinninga.

– Når ein kan bruke tid til å modellere er det eit godt verktøy, og eg ser på det som ein naturleg del av kunst og handverk-faget i framtida. Vi bruker skrivaren mykje til porselen- og metall-støyping, seier Sømoe.

enklare med respons

Han fortel at 3D-skrivaren har vorte tatt godt imot av studentane ved HSH. Det same trur Midtlid og Vasset vil skje ved HVO også. Dei har allereie fått ein liten indikasjon på det.

– Det kom ein student innom mens vi heldt på med den. Han lurte veldig på når studentane fekk ta den i bruk. Vi trur mange studentar er interessert i denne typen teknologi, seier dei.

Frå studieåret 2016/2017 vil skrivaren bli tatt inn i undervisninga. Då representantane frå HVO besøkte HSH fekk dei eit innblikk i korleis den nye teknologien vert brukt reint didaktisk.

– Mykje av aktiviteten vi har på verkstaden på skulen fokuserer på design og formutvikling. Med det nye 3D-programmet vil vi enklare kunne gi forståeleg respons til studentane på korleis dei kan endre på det dei lagar. Dette vert også eit supplement til skisser og blyanten, seier Midtlid og Vasset.

Sjølv om dei ikkje har det heilt i fingrane enno, er dei sikker på at det skal gå seg til fram til dei tek det i bruk i undervisninga. Dei gleder seg til å få studentane med på laget.

– Dette vil bli eit klart pluss for studentane. Vi tek vare på handverket og materialforståinga, samtidig som vi fornyar og utviklar oss.

pressefoto

Sissel Midtlid og Thorstein Vasset

Del på