Silje Louise Dahl har disputert ved NTNU

Tekst: Geir Tangen

- Oppdatert

Avhandlinga bidreg til kunnskap om ei gruppe rusmiddelbrukarar og eit tema som det har vore mindre fokus på i forskinga; sosialt integrerte cannabisbrukarar som har redusert eller avslutta bruken av cannabis utan å vere i kontakt med behandlingsapparatet. Gjennom fire artiklar utforskar Dahl dei sosiale og kulturelle betydingane av cannabisbruk. Analysane i tre av artiklane byggjer på kvalitative intervju med 25 unge vaksne som har brukt cannabis over fleire år, og som har trappa ned på bruken eller slutta. I den fjerde artikkelen er datagrunnlaget utvida med 12 intervju med kvinnelege cannabisbrukarar frå ein studie av Sveinung Sandberg og Willy Pedersen.

Eit av dei sentrale bidraga i avhandlinga er analysen av koplinga mellom cannabisbruk og maskulinitet. Vi argumenterer for at cannabisbruk er knytt til ei form for maskulinitet som idealiserer det å vere ung, fri og uavhengig, medan det å vere etablert, lydig og konform vert sett ned på. Cannabisbruk vart oppfatta som ei meir atypisk handling for kvinner, og kvinnene gjorde ofte cannabisbruk mindre sentralt i sjølvforteljingane sine enn det mange av mennene gjorde.

Eit anna bidrag er identifiseringa av den sentrale forteljinga om cannabisbruk som eit harmlaust og behageleg rusmiddel som kan brukast av dei fleste på kontrollerte måtar, og analysen av kva for funksjon denne forteljinga har. Det å uttrykkje at ein ønskjer å redusere eller avslutte bruken inneber eit brot med denne forteljinga, og det kan bli forstått som ein kritikk mot rusmidlet og andre sin bruk av det. Det ligg derfor ei binding i forteljinga som kan gjere det vanskeleg både å snakke om å slutte og å faktisk slutte med cannabis.

Sjølv når deltakarane har trappa vesentleg ned på cannabisbruken og gått inn i meir tradisjonelle livsstilsprosjekt med etablering av familie og fulltidsarbeid, vil dei framleis knyte seg til forteljingane om ikkje-konvensjonalitet som er kopla til cannabis. Dette gjer dei ved å halde fram med å bruke litt, eller halde muligheita opa for at dei kan kome til å bruke igjen. Dette peikar mot at fortolkande studiar retta inn mot å forstå korleis forteljingar om rusmiddelbruk vert konstruerte og kva for funksjonar dei har, er viktige for forståinga av avhengigheit og korleis ein jobbar med rusproblematikk.

Hovudrettleiar for avhandlinga har vore professor Aksel Tjora, NTNU. Medrettleiarar har vore professor Kåre Heggen, Høgskulen i Volda og professor Sveinung Sandberg, Universitetet i Oslo.

Silje Louise Dahl er tilsett ved Institutt for sosialfag, Avdeling for samfunnsfag og historie, Høgskulen i Volda.

På heimesida til NTNU finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Silje Louise Dahl.

forskning.no har omtale av avhandlinga til Silje Louise Dahl.

Del på