Sjå seminar om spesialundervisning i skulen direkte tysdag

Tekst: Per Straume

Det skjer under eit dagsseminar som tek til i det store auditoriet 09.45 tysdag.

SPEED (The Function of Special Education) er eit forskingssamarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskulen i Innlandet om spesialundervisning i skulen. – Femti tusen elevar her i landet får spesialundervisning, og skulane brukar ein tredel av pengane sine på dette.Kunnskap om kva denne spesialundervisninga handlar om, og kva som er resultatet av den, har mangla. Vi vonar å ha fått fram kunnskap som kan gjere skulen til en betre plass å vere for alle, og spesielt for dei som får spesialundervisning, seier pedagogikkprofessor og prosjektleiar for Speed-prosjektet Peder Haug ved Høgskulen i Volda.

Sjå heile programmet her

Del på