Sjå svara frå nettmøtet med Øystein Sande i dag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

79b0bf46f7d9586f41be5b229142406737766c80

Last ned ei oppsummering av nettmøtet som pdf.

Tysdag morgon overvar folk på internett og i salen i Berte Kanutte-huset nettmøtet og pressekonferansen med Øystein Sande. Pressekonferansen var både overført til og gjennomført på nettet. Publikum stilte spørsmål om Sivert Aarflot og den nye boka frå salen og via Høgskulen i Volda si Facebook-side. www.hivolda.no/nettmote. Du går inn no for å sjå spørsmål. og svara.

b055c1cdd40ecd9cb823c11798043fba6717b4a3

Johann Roppen var med som medarrangør. Han skreiv spørsmål frå salen og svar frå Sande rett ut på Facebook-sida til Høgskulen i Volda. www.hivolda.no/nettmote.




Førehandsmelding om seminaret:

Sjølve seminaret, som er ein del av Forskingsdagane i Volda,  vil handle om vår lokale pressehistorie, men også om utviklinga til norske aviser og journalistikk. Fleire av føredragshaldarane har vore med i arbeidet med Norsk presses historie, som er eit firebandsverk som kjem ut neste år. Seminaret føregår frå kl. 09.00 i Berte Kanutte-huset, store auditorium, og det blir avslutta om ettermiddagen med ein paneldebatt. Detaljert program finn du her.

Seminaret er også ein del av Sivert Aarflot-jubileet, og då er det ekstra gledeleg at Øystein Sande lanserer si nye bok, Sivert Aarflot. Folkeopplysningsmannen på Ekset, nettopp no. – Eg har samla stoff til denne boka i fleire år med sikte på å lansere ho i dette jubileumsåret, fortel Øystein Sande. Han beskriv boka som ei meir "populær" innføringsbok for alle som har høyrt litt om Sivert Aarflot og gjerne vil vite meir om denne Ørstas og Voldas store son.

Ein del av innhaldet vil vere kjent stoff for dei som allereie har sett seg inn i Aarflots liv og gjerningar, men ikkje alt: – Det som eg trur vil vere mest nytt, er det kapitlet som beskriv i kva grad han tok planteriket på staden i bruk, hans nesten ekstreme sans for å gå ut i naturen og gjere seg nytte av så å seie kvar ein vekst som var å finne der, fortel forfattar Sande.

– Alt frå det minste lavet til dei største trea kunne nyttast til noko: tilskot til mat for folk og husdyr, gjødsel, medisin, byggjemateriale osb. Denne interessa var sjølvsagt påskunda av dei nauds- og krigsåra landet gjennomlevde først på 1800-talet, men det var også i djup harmoni med den opplysningsfilosofien som han så heilhjarta slutta seg til, den som m.a. førte til industrireising og til auka avdrått, eller produktivitet, i landbruket.
 5d4d09dde9b631026facd193ef5cd33277136422

dce481a55b8de41a15bddf384244f119f2d73c78

Del på