Skal forske på transportutfordringane i Geiranger

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

4aad3fa02dfa34ee07b0cadd27a01ebe

Prosjektet har fått 9,5 millionar kroner frå transportprogrammet til Norges forskningsråd, og er eit samarbeid mellom NTNU Ålesund, SINTEF trafikkforskning, Universitetet i Bonn og Høgskulen i Volda (HVO).

Sunnmørsposten skriv at det årleg kjem mellom 800.000 og 900.000 turistar til Geiranger, og at det talet berre vil auke i framtida ifølge prognoser. Ein ønsker å finne løysingar som tek vare på verdsarvområdet i og rundt Geiranger, samstundes som ein også legg til rette for turistane.

HVO har ansvaret for arbeidspakke 2 i prosjektet, som består av 4 arbeidspakker. Det utgjer 1 350.000 kroner av den totale ramma. Professor ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Nathalie Homlong, skal drive arbeidet for høgskulen saman med Else Ragni Yttredal.

8cd551e44f45b53cad16f9c21b7be891

– Eit hovudfokus i arbeidspakke 2 er kartlegging av aktørane som er råka og/eller råkar turistrelatert transport i og rundt Geiranger. Aktørar er mellom anna lokal befolkning, næringsliv og turistar. Vi vil finne ut på kva måte aktørane blir råka, og om forventningar og ottar knytt til forandringar i transportsystemet. Med utgangspunkt i denne kartlegginga utviklar vi kriterier og indikatorar for å måle bærekraftighet i et regional transportsystem, seier Homlong.

Arbeid i arbeidspakke (AP) 2 dannar grunnlag for AP 3 og 4, der transportmodellar og «holistic decision support models» blir utviklet.

Prosjektet går over tre år og startar offisielt opp i april.

Del på