Skal utdanne doktorar

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

Dei to høgskulane har peika ut medlemmer av ph.d.-utvalet og på møte på Storfjord Hotel 10. desember vart utvalet konstituert og hadde sitt første møte. 

Professor Eva Gjengedal ved Høgskolen i Molde er leiar for utvalet dei to første åra, medan professor Tor-Johan Ekeland ved Høgskulen i Volda er nestleiar. Dei to høgskulane har kvar sine tre representantar i utvalet. Høgskolen i Molde har også sekretær for utvalet dei to første åra. 

Høgskulane er no ferd med å lyse ut stipendiatstillingar som vil bli knytte til studiet, og hausten 2015 vil studiet starte opp med dei første doktorgradsemna som blant anna vil handle om vitskapsteori, metode og etikk. Emna vil vere opne også for ph.d.-studentar ved andre høgskular og universitet. 

Fagfolka ved  høgskulane har arbeidd sidan 2007 med å etablere studiet og samarbeidsklimaet mellom dei to institusjonane lovar godt for vidare utvikling av studiet. 

Les meir om ph.d-studiet her.

Doktorgradsutval

Dette er medlemmene av Høgskolen i Molde og Høgskulen i Volda sitt felles doktorgardsutval:

Leiar: Professor Eva Gjengedal, Molde
Nestleiar: Professor Tor-Johan Ekeland, Volda
Medlemmer frå Volda: Kåre Heggen, Jan Inge Sørbø. Vara: Bente Hasle, Peder Haug og Knut-Willy Sæther.

Medlemmer frå Molde: Solfrid Vatne, Stål Bjørkly. Vara: Else Lykkeslet og Atle Ødegård. Når studiet kjem i gang vil det også bli utpeika ein representant frå ph.d.-studentane.

d65ebfd28ed167a6071ca57b86aa4452
Medlemmer av Høgskolen i Molde og  Høgskulen i Voldas felles doktorgradsutval. Bak frå venstre: Bente Hasle (vara), Stål Bjørkly, Jan Inge Sørbø, Tor-Johan Ekeland. Framme frå venstre: Else Lykkeslet (vara), Eva Gjengedal, Solfrid Vatne og Kåre Heggen. 

 63e9f7cd13373c0c1da1d2217b9b4637
Tor-Johan Ekeland (nestleiar) og Eva Gjengedal, leiar for doktorgradsutvalet.

Del på