Skriv lærebok i historie

Tekst: Webmaster Volda

Kunnskapsløftet inneber nye læreplanar og blant anna revisjon av historiefaget. Cappelen har vore marknadsleiar innan dette feltet i mange tiår. Med dette historieverket ønskjer dei å behalde denne posisjonen.

hist-melding_1
Odd Stalsberg, Hans Jacob Orning og Trond Petter Hinrichsen. 

- Serien blir på to bøker, seier Orning. Den første boka omfattar eldre verdshistorie. Eg skal ta for meg perioden frå antikken til 1800-talet. Når det gjeld norsk historie skal eg dekke vikingtida og fram til den norske reformasjonen.

I alt skal Orning skrive tre fjerdedelar av denne boka. - Eg ønskjer å finne ein balanse mellom tradisjonell historieskriving og nye grep der eg mellom anna vil søkje å relativisere den norske historia ved innblikk i verdshistoria. Eg vil også legge vekt på å syne korleis historia kan brukast og misbrukast, seier Orning.

Del på