Skule og media-samspel eller verdikollisjon?

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Om seminaret

Høgskulen i Volda har gleda av å invitere til eit fagseminar som set søkelyset på medieundervisninga i skulen. Vi opplever ei rivande utvikling på mediefronten, og det er såleis eit stort stort behov for å lære meir om korleis vi skal orientere oss i vårt teknologiske mediesamfunn.

sku-me

I denne debatten vil både elev- og lærarrolla stå sentralt, saman med drøftinga av korleis vi kan styrke elevens læringsmiljø i brytninga mellom skulens tradisjonelle skriftkultur og den nye framveksande visuelle kulturen. Desse spørsmåla er alle innanfor dei satsingsfelta som styresmaktene har bestemt skal gjelde for skuleverket vårt i tida framover.

Trygve Panhoff, som er redaktør for tidsskriftet Media i skole og samfunn og film-sakkyndig i Statens Filmtilsyn, vil vere hovudførelesar. Han har vid innsikt i det som rører seg i det mediepedagogiske feltet, både nasjonalt og internasjonalt.

Det vert også innlegg ved Asbjørn Simonnes og Gudmund Gjelsten. Begge arbeider med forskingsprosjektet «Barnet i spenningsfeltet mellom skule og media», som er ein del av velferdsprogrammet «Samfunn, Familie, Oppvekst» i Noregs Forskingsråd. Saman forfatta dei Å vekse opp i eit mediesamfunn, Det Norske Samlaget 1997.

Meir om Trygve Panhoff (f. 1944)
«Jeg har siden 1990 arbeidet som filmsakkyndig i Statens Filmtilsyn. Tidligere var jeg språk- og medielærer i videregående skole. Jeg har ledet to skolefilmklubber, på Berles skole og Briskeby skole, begge i Oslo, og har undervist i media på kurs og konferanser, samt ved Høgskolen i Oslo og tidl. Vahl og Berg gymnas. For Norsk Korrespondanseskole skrev jeg sammen med Annelise Skarderud boka «Filmspråket» i 1975. Jeg er rettelærer i mediekunnskap for Folkets Brevskole. På 14. året redigerer jeg tidsskriftet som nå heter «Media i Skole og Samfunn». Jeg er også styremedlem i Landslaget for medieundervisning og har tidligere ledet dette laget i flere år. Gjennom snart 20 års arbeid i dukketeater (eventyr-oppsetninger) har jeg blitt meget interessert i kommunikasjon på flere plan, heri emosjonelle inntrykk og uttrykk. Disse interessene vil jeg prøve å oppsummere i forelesningen «Mediekunnskap og emosjonell læring»».

Om det praktiske
Hovudseminaret vert halde torsdag 16. november, men det er også høve til å delta på opne førelesingar v/Trygve Panhoff fredag 17. november.

Seminaravgifta er kr 450,- for deltaking torsdag 16. november. Denne inkluderer lunsj og kaffi. Fredag 17. november er deltakaravgifta kr 100,- inkl. lunsj og kaffi. Det vert sendt rekning i etterkant.

Påmelding skjer på eige skjema (be om skjema) og må vere på HVO innan 09.11.00.

Adr.: Kontoret for etter- og vidareutdaning
Høgskulen i Volda
Boks 500
6101 Volda.

Faksnr. 70 07 50 51 eller e-post kev@hivolda.no.

Seminaret vert halde Høgskulen i Volda sine lokale i Berte Kanutte-huset, Joplassvegen 1. Rom: Vesle auditorium.


PROGRAM

Torsdag 16. november

kl. 1000-1030
Registrering og kaffi

kl. 1030-1035
Velkomst og presentasjon v/forskar og prosjektleiar Asbjørn Simonnes, Høgskulen i Volda

kl. 1035-1110
Skule og media - samspel eller verdikollisjon? v/Asbjørn Simonnes

kl. 1110-1145
Synspunkt på verdiaspektet i mellommenneskeleg kommunikasjon i ein mediepedagogisk kontekst v/forskar Gudmund Gjelsten, Bergbo media

kl. 1200-1300
Mediekunnskap og emosjonell læring, del 1 v/filmsakkyndig Trygve Panhoff, Statens Filmtilsyn

kl. 1300-1400
Lunsj i kantina i Berte Kanutte-huset

kl. 1400-1500
Mediekunnskap og emosjonell læring, del 2 v/Trygve Panhoff

kl. 1500-1600
Paneldebatt m. søkelys på pedagogiske utfordringar for norsk medieundervisning

Panelet vert sett saman av førelesarar og lærarar.

kl. 1600-1615
Oppsummering og avsluttning v/Asbjørn Simonnes


Fredag 17. november

Opne førelesingar v/filmsakkyndig Trygve Panhoff, Statens Filmtilsyn

kl. 0900-1015
Mediekunnskap i Noreg

kl. 1030-1115
Filmsensur i Noreg - korleis fungerer aldersgrensene

kl. 1115-1215
Lunsj

kl. 1215-1245
Filmsensur i Noreg, framhald

kl. 1300-1400
Filmsensurens historie

kl. 1400-1415
Oppsummering og avsluttning v/høgskulelektor Anne Steinsvik Nordal


Arrangør: Høgskulen i Volda i samråd med Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal

Del på