Søkarseminar for ph.d.-utlysingar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

4. september blir det arrangert søkarseminar for søkarar til utlyste ph.d.-stillingar ved Høgskulen i Volda. – Det vil bli gitt mange gode tips og råd som er essensielle for å få til ei god prosjektskisse som skal ligge ved søknaden, opplyser professor og arrangør av seminaret Kjartan Leer-Salvesen.

Høgskulen i Volda har aldri lyst ut så mange stipendiatstillingar i løpet av eitt år som i 2020 – heile 14 i talet. Tolv av desse ligg no ute for søking med søknadsfrist 15. oktober. I ein slik søknad er prosjektskissa som fortel kva forskingsarbeid en vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga), svært viktig.

Det er i all hovudsak prosjektskissa det vil handle om under søkarseminaret 4. september kl. 1500-16.00. 

Seminaret blir heldt digitalt via Zoom. Om du ønsker å delta ber vi deg melde deg på her.

Frå idé til skisse

For ein som ikkje har skrive ei slik skisse før er det ikkje heilt beint fram, og nettopp difor ønsker høgskulen å hjelpe søkarane litt på veg. Den ti sider lange teksten, som skissa skal vere, har sine særeigenheiter som er viktig å hugse på.

– Professor Jan Inge Sørbø, som har lang erfaring med å bedømme slike skisser, vil forklare korleis ein går frå ein idé om noko ein har lyst å forske på til å kunne forklare kvifor dette er viktig. Eit slikt prosjekt skal vere stort nok til å kunne jobbe med det i tre-fire år, det må ha relevans for fagfeltet, vere til nytte for samfunnet og bidra med noko nytt, forklarar Leer-Salvesen.

I skissa bør det kome fram kvifor høgskulen skal satse på det einskilde prosjektet. – Sett på spissen bør det forsvare dei tre millionar kronene høgskulen brukar på ei slik stilling, held Leer-Salvesen fram.

Gode råd for å hevde seg

Leer-Salvesen har sjølv sete i ein god del komitear som har bedømt slike prosjektskisser og vil dele med søkarane kva ein ser etter.

Kjartan Leer-Salvesen
Professor Kjartan Leer-Salvesen

– Eg vil gi råd om kva grep dei kan ta for å hevde seg i konkurransen om desse stillingane. Det er ein del ting som må vere med i ei slik skisse, og som ikkje er så godt å vite for ein som ikkje har vore borti noko slikt tidlegare. Men får ein med desse punkta, er ein godt på veg. Då blir arbeidet med skissa både interessant og overkomeleg, lovar den imøtekomande professoren, som anslår at søkarane bør arbeide fulle arbeidsdagar i to-fire veker med prosjektskissa for å få den god.

Det som ofte skil dei «gode» skissene frå dei «greie», er ifølge Leer-Salvesen i kor stor grad søkaren klarer å gjere greie for tidlegare forsking i fagfeltet vedkomande vil forske på.  Ut ifrå det skal også søkaren klare å få fram kva som er det originale og nye med sitt prosjekt.

– Still spørsmål!

Undervegs og heilt til slutt i seminaret vil det vere mogleg å stille spørsmål. Difor er det ein fordel om ein har kome i gang med tankeprosessar rundt prosjektet sitt. Ei det då kan vere lurt å høyre med er Kristine Vaadal, som straks er ferdig med sitt doktorgradsprosjekt. Ho vil i samtale med Jan Inge Sørbø fortelje om sine erfaringar som stipendiat i Volda. 

Vaadal er også nyleg tilsett ved biblioteket ved høgskulen, og vil informere om kva slags rettleiing ein som stipendiat kan få frå biblioteket – då spesielt knytt til databasesøk. 

– Vi ønsker at folk skal stille spørsmål – på tvers av fagbakgrunnar. Uansett fag er veldig mykje likt i ei slik prosjektskisse, seier Leer-Salvesen.

 

Seminarprogram med start fredag 4. september kl. 15.00

•    Velkommen. v/Kjartan Leer-Salvesen 
•    Hva slags sjanger er en prosjektskisse? Hvordan kan man argumentere godt for en prosjektide?, v/Jan Inge Sørbø 
•    Hvordan vurderer bedømmelseskomiteer en prosjektskisse? v/Kjartan Leer-Salvesen 
•    Hvordan er det å være stipendiat i Volda? Samtale mellom stipendiat Kristine Vaadal og Kjartan Leer-Salvesen 
•    Spørsmål
•    Avslutning
 

Del på