Spesialpedagogisk ideologi til Japan

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Theoretical Perpectives on Special Education (1998) var opphavleg gitt ut på Høgskoleforlaget på engelsk, men er no komen ut ved eit forlag i Tokyo, på japansk.

- Bakgrunnen for denne boka var ein konferanse om spesialpedagogikk med representantar frå Norden og Nord-Europa som vi arrangerte i Ålesund i 1998. Der vart det presentert perspektiv på spesialpedagogisk verksemd med vekt på teori og forsking, fortel professor Haug.

haug_bok_japan

- Det er spesielt inkluderingstenkinga med spesialundervisning i skulen og i barnehagar som er vektlagd, og som det japanske fagmiljøet no viser interesse for, fortel professor Haug.

Boka er tilgjengeleg i japansk netthandel
og frå forlaget Hanmoto
Dessutan kan ein kjøpa boka på japansk Amazon.com

Del på