Spesialundervisning i grunnskulen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

phaug


Kort omtale
Historia til spesialundervisninga er ei forteljing som reiser grunnleggjande spørsmål om velferdsstaten er for alle. Elevar som har spesielle behov for hjelp og støtte, har ikkje alltid fått det i skulen. Kravet om rett til undervisning kom først og fremst frå foreldra. Politikarar og pedagogar var dei største motstandarane. Det har vore debatt og strid rundt spørsmål knytt til rettferd, ressursar, utdanningspolitikk og profesjonalisering. Kven skal definere om elevar med behov for spesialundervisning skal få hjelp? På kva grunnlag skal dei få denne hjelpa? Skal dei gå i spesialskular eller i normalskule? Kva status skal dei ha i ein grunnskule for alle?

Framstillinga legg hovudvekta på perioden etter 1960 og drøftar både dei politiske formuleringane og måla for spesialundervisninga, realiseringa av desse og kva som er oppnådd. Boka gir eit oversyn over ulike kunnskapstradisjonar og det som er gjort av forsking innan spesialundervisninga.

Boka vender seg til studentar som utdannar seg til yrke innan utdannings- -og sosialsektoren, som har med barn og ungdom å gjera, som t.d. lærar, spesialpedagog, førskulelærar og barnevernspedagog. Boka er også aktuell for foreldre og politikarar med interesse for utviklinga av spesialundervisninga.

Peder Haug (f. 1947) er professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Avdeling for lærarutdanning.


Forord
Det har vore viktig for meg å skrive denne boka av fleire grunnar. Slik eg ser det, har nasjonen gjennom ein nokså lang periode utdanna lærarar av ulikt slag, utan å syte for å gjere dei tilstrekkeleg kjende med det historiske og ideologiske grunnlaget for den skulen dei skal arbeide i. Eg har vanskar med å sjå korleis dei som arbeider i skulen skal kunne oppfylle målsetjingane for ein skule dei ikkje kjenner premissane for. Dette gjeld generelt, og det gjeld særleg spesialundervisninga. Boka er eit bidrag til det som har vore mangelvare i faglitteraturen: historiske perspektiv på utviklinga til spesialundervisninga.

Forskingsarbeidet som har gjort det mogleg å skrive boka, er finansiert av Program for spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling i Noregs forskingsråd (1994-1998). Takk til programmet, og takk til Einar Plyhn og Sveinung Vaage for god hjelp.

Peder Haug
Ørsta, april 1999.

----------


Utdanningsvitenskapelig serie

Serieredaktører: Einar Plyhn og Sveinung Vaage

Formålet med "Utdanningsvitenskapelig serie" er å utgi forskningsbaserte kvalitetsbøker med relevans for utdanning, oppdragelse og undervisning i vid forstand.



Tidligere utgitt i serien:

Tora Korsvold: For alle barn! Barnehagens framvekst i velferdsstaten, 1998.

Vaage, Sveinung (red.): Å ta andres perspektiv. Grunnlag for sosialisering og identitet. George Herbert Mead i utvalg, 1998.


Del på