Stadnamn i Møre og Romsdal

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Særleg kap. 8 Namneleksikon er forbetra og noka utvida. 2. utg. er på 400 sider, men har fått same tittelen som første utgåva: Offisielle stadnamn i Møre og Romsdal. Inndelingsnamn og kommunikasjonsnamn med vekt på veg- og gatenamn. Ho inneheld ei namnefagleg og språkleg gransking av om lag 3500 offisielle stadnamn frå Møre og Romsdal med vekt på inndelingsnamn og kommunikasjonsnamn. Av inndelingsnamn er først og fremst fylkesnamnet og kommunenamna drøfta, og dei mest sannsynlege tolkingane er medtekne.

Hovudvekta er lagd på ein analyse kommunikasjonsnamn, særleg veg- og gatenamn, bru-, tunnel- og ferjekainamn, og kap. 8 utgjer eit leksikon over desse namnegruppene. Leksikonkapitlet er ordna etter kommune og alfabetisk innanfor kvar kommune med opplysningar om namneopphavet og korte forklaringar av det språklege og kulturhistoriske opphavet til namna der dette ikkje er innlysande. Men også namn på postkontor, rutebilstasjonar, jernbanestasjonar, skipskaiar, fyrar og flyplassar er kort omtalte.

Granskinga tek utgangspunkt i det fylkesomfattande Stadnamnprosjektet i Møre og Romsdal i perioden 1985–1995, der om lag 200 000 namn vart innsamla og som forfattaren var prosjektleiar for. Som teoretisk innføring og bakgrunn for namnealysen, som utgjer storparten av boka, er det skrive eigne kapittel om stadnamngrupper og lokalitetstypar, om regelverket for offisiell namngjeving og om norske og utanlandske namngjevingsprinsipp.

Hovudproblemstillinga er om namnsetjinga har eit kulturminneprinsipp eller eit orienteringsprinsipp som grunnlag. Kva prinsipp som er valt, gjev seg utslag i mengda av gjenbrukte namn, dvs. gjenbrukte stadnamn, gjenbrukte personnamn (mannsnamn, kvinnenamn, rojale namn, namn frå norrøne sagaer, mytologi og eventyr), og gjenbrukte institusjonsnamn i høve til nylaga namn. Av undersøkinga går det klart fram at i Møre og Romsdal er kulturminneprinsippet overordna ulike variantar av orienteringsprinsippet.

PETER-H


Peter Hallaråker f. 1933 er pensjonert førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Han tok artium på norrønlina ved Voss landsgymnas i 1954 med prae ceteris. Etter fullført befalsskule med tilhøyrande befalsteneste tok han embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1961 med norsk hovudfag med hovudoppgåve om stadnamn, engelsk bifag og folkeminne-vitskap grunnfag (Oslo). Hausten 1962 vart han tilsett som lektor ved Volda lærarskule. I 1970 fekk han stillinga som høgskulelektor i norsk språk, frå 1974 som førsteamanuensis, ved den nyskipa Møre og Romsdal distriktshøgskule, som han var aktivt med og bygde opp frå grunnen av.

Hallaråker har hatt mange stipend og har studert, undervist og forska ved fleire utanlandske universitet, m.a. ved Universitetet i Minnesota, Universitetet i Bologna, Universitetet i Milano, Universitetet i Wisconsin, Universitetet i Mannheim og Universitetet i Bonn. Til saman har han fått publisert om lag 100 vitskaplege arbeid om nynorsk språk og stadnamn, deriblant 7 bøker, den siste Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking, som kom på Universitetsforlaget i 1997.

Offisielle stadnamn er utgjeven på eige forlag med tilskot frå Høgskulen i Volda og Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Boka kan kjøpast hjå Haugen Bok, 6100 Volda, e-post ekspress@haugen.bok, eller direkte frå forfattaren, Peter Hallaråker, Vikebygdvegen 63, 6100 Volda, e-post: peter.hallaraker@hivolda.no.

Del på