Stipendiatane organiserer seg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

stipendiatane_400

Kari A. Hasle - stipendiat ved Historisk institutt, Aase Norunn Digernes - stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet, Jarle Pedersen - stipendiat ved Avdeling for samfunnsfag, Jens Johan Hyvik - stipendiat ved Ivar Aasen-instituttet.

Organisasjonen for stipendiatar i Volda – Stipendiatane – er stifta etter modell frå andre høgskule- og universitetsmiljø.

- Hovudmålsetjinga vår er å arbeide for ei betring av stipendiatane sine generelle løns – og arbeidsvilkår, seier Hyvik, som samstundes legg vekt på det sosiale aspektet ved organiseringa. Ein slik møteplass på tvers av fagmiljøa kan vere med på å betre integreringa av nye stipendiatar.

- Og sjølv om mange av oss har ulik fagleg bakgrunn, syner det seg at vi har stort utbytte av å kunne utveksle erfaringar. Som stipendiatar opplever vi gjerne arbeidssituasjonen som nokså lik, poengterer Hyvik.

Fagleg ressursgruppe

Stipendiatane ønskjer å profilere seg som ei ressursgruppe som kan medverke til den faglege utviklinga og forskinga ved HVO og Møreforsking avdeling Volda.

- I denne samanhengen har vi fått utarbeidd ei eiga nettside, opplyser Hyvik. Her vil Stipendiatane etterkvart presentere medlemene i gruppa i høve til faglege interessefelt.

- Vi ønskjer å synleggjere oss som ei fagleg ressursgruppe, tilgjengeleg for dei ulike fagmiljøa ved høgskulen, seier han.

Sjå også hivolda.no/stipendiatane

Del på