Stipendiatane ved Høgskulen i Volda med seminar om diskursanalyse

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Første innslag står Sissel Rosland for, melder stipendiatane.

Rosland skal halde eit innlegg om refleksjonar kring bruken av diskursanalyse. Ho kjem frå Historisk institutt, Universitetet i Bergen, og vart nyleg tildelt post.doc.-stipend frå Noregs forskingsråd på prosjektet "Law and Democracy Between Security and Liberty. Debating Counter-terrorism Law in the United Kingdom 1972-2005".

Etter ei pause held Jørn Cruickshank eit innlegg med namnet ”Diskursanalyse og norsk distriktspolitikk.” Han er dr.gradsstipendiat ved Agderforsking, Kristiansand, og arbeider med avhandlinga "Forestillinger om ruralitet og norsk distriktspolitikk".

Professor Jan Inge Sørbø frå Ivar Aasen-instituttet skal oppsummene innlegga med sine kommentarar – og opnar til slutt for diskusjon.

Dette er eit ope seminar, og alle er velkomne. Seminaret vil finne stad torsdag 2. mars ved Høgskulen i Volda, Henrik Kaarstad-huset, rom 204 (Gamle festsal), og startar klokka 12.15.

 

Program

12.15Sissel Rosland: Diskurs, praksis, meining: refleksjonar kring bruken av diskursanalyse

13.00Pause

13.15Jørn Cruickshank: Diskursanalyse og norsk distriktspolitikk

14.00Pause

14.15Jan Inge Sørbø: Kommentar til innlegga

Diskusjon

Arr: Stipendiatane ved Høgskulen i Volda

Del på