Stor auke i vitskapleg publisering

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I høve til talet på fagleg tilsette er HVO heilt i toppen mellom høgskulane i Noreg, noko rektor Jørgen Amdam er svært nøgd med: - Sjølv om vi ikkje kan vente like stor auke neste år, viser dette at HVO har ein godt kvalifisert fagstab med stor internasjonal og nasjonal forskings- og formidlingsverksemd. Til dømes har HVO like stor publisering pr. fagtilsett som Universitetet i Agder.

DBH sine lister viser at Høgskulen i Volda med sine 87,8 poeng ligg på 5. plass blant dei statlege høgskulane. Her er Høgskolen i Oslo på topp med 294,7 poeng, følgt av Høgskolen i Lillehammer, Høgskolen i Bodø og Høgskolen i Hedmark.

Dersom vi samanliknar institusjonane etter kor mange poeng dei fagtilsette produserer, får vi ei litt anna liste. Her er Høgskolen i Lillehammer på topp med 0,6 poeng pr. fagtilsett. Deretter følgjer Høgskulen i Volda med 0,49 poeng pr. fagtilsett og er dermed nest best av dei statlege høgskulane. Høgskolen i Oslo er på tredjeplass med 0,40 poeng pr. fagtilsett.

d4d7605817dec45cc8e03ad4f2e2c5ea0efbad7d

Det er tre typar vitskapleg publisering som gir poengutteljing: Artiklar i tidsskrift, artiklar i antologiar og monografiar. Tidsskrift og forlag må vere godkjende som vitskaplege utgjevarar, og dei er rangert etter nivå, noko som også gir utslag i poengutteljinga.

Publiseringspoeng utløyser pengar til høgskulen direkte over statsbudsjettet. Systemet er etablert for å kartlegge og stimulere til auka vitskapleg publisering både nasjonalt og internasjonalt.

Eit lite knippe av publikasjonar frå 2008 som tilsette ved Høgskulen i Volda står bak – enten som forfattar av bok
eller artikkel.

            
I 2008 var det 27 fagtilsette som publiserte vitskapleg. Mange av dei har skrive fleire artiklar og bøker.
- Det mest gledelege er at i løpet av dei tre siste åra har snart halvparten av dei fast faglege tilsette publisert i tidsskrift og på forlag som har internasjonalt og nasjonalt fagleg renommé, oppsummerer rektor Jørgen Amdam.

Del på