STORE ROM FOR FORBETRINGAR I SKULEN

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

2af0338572d6fd8c4f9672cdc955df65
Birgitte Fondevik (f.v.), Leif Bjørn Skorpen, Sofie Emilie Holmen, Peder Haug, Wenke Mork Rogne, Hilde Opsal og Arne Kåre Topphol har alle bidrege i boka.

Boka er ei artikkelsamling kor 12 forfattarar har bidrege og har sitt utspring frå forskarmiljøet ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda (HVO). Ti av forfattarane – inkludert Peder Haug – held til på HVO.

Ser breitt

Dei har saman laga ei bok som tek for seg korleis elev- og lærarrolla verkar inn på vilkåra for læring.

– Kvart kapittel tek opp ei konkret utfordring i relasjonen mellom elev og lærar og går inn i den. Ein gir døme og kjem fram til forslag til kva som kan forklare utfordringa, og kva som verkar og ikkje verkar for å løyse den, fortel Haug, som er professor i pedagogikk.

Bokutgjevinga kjem som eit resultat av eit forskingsprosjekt om elev- og lærarrolla ved HVO, som har gått over fleire år. Dette er den femte boka Haug er redaktør for i løpet av ni år – der andre tilsette ved høgskulen har vore medforfattarar.

Temaa i boka famnar breitt. Haug ramsar opp matematikk, norsk, klasse- og skuleleiing, vurdering for læring, lærarutdanning og spesialundervisning.

– For å forstå korleis elev- og lærarrollen utviklar seg må ein sjå breitt, for det er så mange forhold som påverkar dei, meiner Haug.

– Lite utfordrande

I eit av matematikk-kapitla  kjem det fram at oppgåvene elevane får i grunnskulen ikkje alltid er like enkle å forstå. Forfattarane har analysert matematikkoppgåver som to klasser på 9. steg hadde over to veker.

005603e8f8757e156f6249b0ccd4b92e

– Analysen av matematikkoppgåvene i lærebøker viser at dei er lite utfordrande for elevane. Det blir også stilt spørsmål det nesten er umogleg å svare på.

Lærarutdanningane skal førebu studentane på arbeid i ein fleirkulturell og fleirspråklig skole. Forfattarane har latt lærarstudentar og internasjonale studentar ved høgskulen møtes i grupper for å snakke om det norske språket og om forskjellar og likskapar mellom språk.

– Når lærarstudentar skal forklare grammatiske prinsipp bak formuleringar viser det seg vanskeleg. Då går det opp eit lys for dei kor utfordrande det er å forklare andre grammatikken i det norske språket, fortel Haug.

Dagsaktuell utfordring

Boka tek også mellom anna opp det ein kallar gråsoneelevar. Det er elevar som ikkje får spesialundervising, medan lærarane deira meiner dei har behov for det

– Analysane viser at det er nesten ingen skilnad mellom korleis elevar som får spesialundervising og gråsoneelevane har det på skulen, og kva dei strevar med. Då kan ein spørje om det er tilfeldig kven som får spesialundervising. Det er også interessant i debatten som går i dag om at det skal kuttast i spesialundervisinga. Då må den ordinære opplæringa i skulen endre seg ganske mykje, seier Haug.

For utan om Haug har Asle Roy Andreassen, Birgitte Fondevik, Siv Måseidvåg Gamlem, Sofie Emilie Holmen, Ellen Jåvold, Hilde Opsal, Wenke Mork Rogne, Leif Bjørn Skorpen og Arne Kåre Topphol bidrege i boka – alle frå Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved HVO.

I tillegg har også tidlegare HVO-tilsett Kari Bachmann og Guri K. Skrove frå Møreforsking i Molde skrive ein artikkel ilag i boka.

pressefoto

Birgitte Fondevik, Leif Bjørn Skorpen, Sofie Emilie Holmen, Peder Haug, Wenke Mork Rogne, Hilde Opsal og Arne Kåre Topphol.

Del på