Strøymer FoU-pris-utdeling fredag

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

På grunn av smitterverntiltak er det berre inviterte gjestar som får vere til stades under FoU-pris-utdelinga i biblioteket fredag 18. september. Men ikkje fortvil, du kan sjå utdelinga direkte her frå kl. 11.00.

FoU-pris-utdelinga er starten på Forskingsdagane 2020 ved Høgskulen i Volda. Prisen går til professor Inger Marie Okkenhaug ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie. 
 

 

Grunna koronasituasjonen er det avgrensa tal på plassar i biblioteket til arrangementet. Dei næraste kollegaene til prisvinnaren (Historisk institutt, Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Forskargruppa for kulturmøte og Volda kritiske kammer) vert difor særskilt inviterte til utdelinga av FoU-prisen.

Del på