- Studentane vil involverast i forskinga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

nestleder_max

Marit Johanne Monseth (23) studerer 2. året ved lærarutdanninga og lurer på kva forsking som går føre seg der ho er student.

Kva forsking kan vi vere involvert i?
Målet er at studentar skal få vite meir om forskinga ved den enkelte utdanningsinstitusjon, og få lov til å vere meir delaktige i forskinga – inkludering er stikkordet, slår nestleiaren fast.

- Eg føler at vi blir for lite involvert – studentar veit knapt nok kva som rører seg like rundt hjørnet.
- Der kan vere verdens mest spennande forsking ved vår seksjon, men vi veit ikkje om det, seier ho.

Oppdaterte studentar?
- Det er viktig å vere up-to-date på kva forsking som skjer her ved Høgskulen, ikkje berre det som står i pensum.
Studentar kan vere med på å utvikle forskinga og omvendt - slik får ein meir engasjerte studentar.
- Kanskje forskarane må ta med seg forskinga inn i klasseromet, spør Marit.




Operasjon forsking?
-
Det skjer så mykje bra i norsk forsking, skriv tidlegare voldastudent Anniken Westtorp i Stl.

- I arbeidet med Operasjon Forskning ønskjer Stl at studentane skal verte merksame på den forskinga som vert drive ved deira utdanningsinstitusjon, og være stolte av denne, seier ho.

Les meir på www.stlweb.no

Del på