Studerer pedagogikkfaget i ny barnehagelærarutdanning

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

a391d03081b1ae20f84fc23db9b86bee
Deltakarane i gruppa er frå venstre professor Marit Alvestad, (UiS), førsteamanuensis Margrethe Jernes (HSH/UiS), leiar av gruppa professor Elin E Ødegaard (HiB), dosent Ingrid Fossøy (HiSF), førstelektor Bente Vatne (HVO), høgskulelektor Hege Fimreite (HiSF), førstelektor Grete Nordvik (HiB), førsteamanuensis Svein Ole Sataøen frå BLU-følgjegruppa, høgskulelektor Vigdis Foss (UiB) og høgskulelektor Magli Sofie Økland (UiB.)

Ei viktig endring i den nye barnehagelærarutdanninga er at studentane ikkje lenger får undervising i enkeltfag, men i kunnskapsområde. Pedagogikk er det einaste faget som er nemnt eksplisitt i dei nye nasjonale retningslinene. Pedagogikk skal ha ein sentral og samanbindande funksjon ifølgje dei nye retningslinene. Vi har gjennomført fokusgruppeintervju ved 6 institusjonar spreidde over heile landet og har i tillegg studert pensumlister og eksamensoppgåveformuleringar. Vi finn at tolkinga av dei nye retningslinene varierer ganske mykje frå institusjon til institusjon. Resultata vert presenterte på ei konferanse i Bergen 13. oktober.

Del på