Suksessrike forskingsdagar

Tekst: Per Straume

Volda Bygdetun

Forskingsdagane 2017 ved Høgskulen i Volda (HVO) hadde 26 arrangement på programmet, med «Verdiar» som tema. Dei baud på eit breitt spekter av opplevingar og underhaldning for publikum.

– INTERESSANTE ARRANGEMENT

Det trefte verkeleg folk i regionen. For besøkstala på arrangementa for Forskingsdagane held seg på same nivå som fjoråret – med over 2000 deltakarar.

– Det er svært hyggelege tal. Det viser at arrangementa våre var interessante for folk, og at vi klarte å tilby folk med forskjellige interesser og aldrar noko. Det har vore gode og varierte faglege foredrag, seminarinnlegg, introduksjonar, musikalske innslag med vidare som har synleggjort den omfattande FoU-aktiviteten ved høgskulen. Det er også gledeleg at vi har fått brei medieomtale både lokalt, regionalt og nasjonalt, seier Geir Tangen, koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane ved HVO.

SJÅ BILDER FRÅ FORSKINGSDAGANE 2017 HER

Samstundes som Tangen gler seg over det høge talet som tok del i Forskingsdagane, er han også oppteken av kvaliteten på dei ulike arrangementa og variasjonen i programtilbodet. Arrangement med litt færre deltakarar kan vere til stor nytte og glede for dei som deltok, meiner han.

– Det er viktig at vi treffer det rette publikummet. 20-30 deltakarar på eit arrangement kan vere godt fordi dei som møter opp, har nytte av det og interesserer seg for fagfeltet, meiner Tangen.

MANGE MED PÅ LAGET

Tangen, som har koordinert Forskingsdagane, synest mange fortener eit solid klapp på skuldra for at dagane vart ein suksess.

– Eg vil nytte høvet til å takke alle foredragshaldarar og innleiarar, og alle andre som på ein eller annan måte har medverka ved HVO og Studentsamskipnaden i Volda for vel gjennomførte Forskingsdagar 2017. Vidare vil eg takke frivillige lag og organisasjonar lokalt og regionalt, ulike offentlege institusjonar og samarbeidsaktørar for godt fagleg og praktisk samarbeid, seier Tangen.

I tillegg til arrangement ved Høgskulen i Volda, har det også vore arrangement på andre stader i Volda og i Hovdebygda, Sæbø og Ulsteinvik. Arrangementa har gått føre seg både på dag- og kveldstid.

Sjå rektor Johann Roppen fortelje om Forskingsdagane 2017 og kva betyding forsking og utvikling har for samfunnet:

NYE TANKAR

Tangen er allereie i gang med å tenkje på neste års arrangement og har eit ønske om fleire samarbeidsarrangement under Forskingsdagane 2018, som vil gå føre seg 21.– 25. september 2018. Det nasjonale temaet vert offentleggjort av Noregs forskingsråd i månadsskiftet november/desember for neste år.

– I år fekk vi gode erfaringar med å ha arrangement på Sæbø og Hjørundfjord Filmteater – ein plass vi aldri har lagt arrangement til før. Forskingsdagane har tidlegare år hatt arrangement i Brandal, Fosnavåg, Runde og Ålesund – dit vil vi gjerne også tilbake. Og kanskje kan vi også tenke på å legge arrangement til stader slik som Folkestad, Vartdal, Bjørke og Hornindal, tenker Tangen. 

Del på