Sunnmørske tunnamn mellom to permar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I boka tek Jostein Fet føre seg tradisjonelle tunnamn som knyter seg til det eldre jordbruks- og fiskarsamfunnet på Sunnmøre. Namna kastar lys over vestlandsk jordbruks- og busetjingshistorie, demografiske rørsler, økonomiske og sosiale lagdelingar og språklege utviklingssteg. Undertittelen på boka, Individ – samfunn – natur, inneber at namnetilfanget blir vurdert ikkje berre historisk, men også frå ein sosiologisk synsvinkel.

66c13f7b73050aad947dac5b8be0a7e15b958329Tunnamna har Fet henta frå gards- og bygdebøker frå 18 tidlegare eller noverande sunnmørskommunar eller delar av kommunar: Dalsfjord, Giske, Haram, Hareid, Hjørundfjord, Norddal, Skodje, Stordal, Sula, Sunnylven og Geiranger, Sykkylven, Ulstein, Vartdal, Vatne, Volda, Ørskog, Ørsta og Ålesund. Til saman har han registrert 4763 tunnamn frå desse geografiske einingane.

Fet innleier boka med ein analytisk del, deretter følgjer sju hovudkapittel inndelt etter ulike typar namn: Person-tunnamn, etternamn, bygdenamn, yrkesnamn, husnamn, retningsnamn og naturnamn. Boka inneheld også eit fyldig namneregister og eit eige kartregister.

Filologen Jostein Fet har ei lang fartstid ved det som no er Høgskulen i Volda. Allereie i 1958 vart han tilsett ved Volda lærarskule, og i 196970 var han mykje med i arbeidet med å få lagt distriktshøgskulen til Volda. I høg alder har han markert seg som litteratur- og kulturforskar med bøkene Lesande bønder (1995), Folkemusikken i Møre og Romsdal (1999), Skrivande bønder (2003), Eksetiana. Aarflots Prenteverk 1809–1935 (2006) og Natur og eros (2008). I 2006 mottok Jostein Fet den nyoppretta FoU-prisen for Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.

Del på