Synnøve Hedemann Amdam har disputert ved UiO

Tekst: Per Straume

Synnøve Hedemann Amdam disputerte 9. september 2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo med avhandlinga: "Media teachers’ discursive understandings in developing 21st century education: Are we the tugboat, the satellite, or the terror cell?"

Det overordna målet for denne avhandlinga er å utforske korleis medielærar forstår seg sjølve som lærarar, eigen undervisingspraksis og utdanningsmål, og korleis lærarane koplar desse forståingane til epistemiske grunnsyn innan ei ramme av 21st century- og media literacy-utdanning og forsking. Eg diskuterer også korleis diskursive forståingane utviklar seg gjennom profesjonsfaglege praksisfellesskap og korleis dei interagerer med vidare diskursordnar og epistemiske praksisar i skulen. 

Artikkel 1 startar med dei diskursive konsepta og forståingane tilgjengelege innan media literacy-forskingsfeltet, gjennom ei forskingsoversikt som viser korleis dei konseptuelle forståingane av media literacy har utvikla seg frå ganske avgrensa perspektiv på trening av individuelle ferdigheiter for å skydde seg mot mediepåverknad, mot ein vidare agenda for deltaking i medieoffentlegheita i demokratiske samfunn på individuelle, interaksjonelle og systemiske nivå, særleg med eit fokus på undervisingspraksis og elevane sitt utbytte. Funna etablerer kva som er hovudtema innan forskinga og diskuterer om ei felles forståing av media literacy er mogleg og ønskeleg. Gjennom funna av hovudtema i forskinga blir det også tydeleg kva som ikkje er eit hovudtema – nemlig forsking på medielærarar og deira perspektiv på utdanningspraksisar.

Artikkel 2 tek utgangspunkt i dette siste funnet. Dei eksisterande forståingane av medielæraren innan medieforskingslitteraturen blir systematisk tematisert og artikkelen utforskar om og korleis desse fungerer som underliggande diskursar for korleis medielærarar ser seg sjølve som utdannarar og motiverer undervisingspraksisar innan eit 21st century-utdanningspolitisk rammeverk. Funna indikerer at det er ulike og konfliktfylte forståingar av det å vere medielærar, noko som resulterer i ulike utdanningspraksisar med vidare implikasjonar for medieutdanning.

Artikkel 3 kontekstualiserer medielærarane sine oppfatningar i artikkel II innan institusjonelle rammer, og tematiserer produksjonsarbeid som ein kjernepraksis i MK-programmet. Her blir lærarane sine fortolkande repertoar om elevdeltaking og utdanningsmål knytt til denne undervisingsmetodikken utforska. I tillegg blir dei historiske mediediskursane frå dei tidlegare artiklane kopla til den institusjonelle konteksten. Funna indikerer at medielærarane sine fortolkingsrepertoar om produksjonsarbeid er knytt til faglege og pedagogiske refleksjonar innan medieutdanningsdiskursen som tematiserer 21st century-utdanning og kompetansar, men at desse forståingane ikkje nødvendigvis finnast eller er verdsette innan den breiare skulekonteksten.

Sett i samanheng, viser funna på tvers av artiklane at MK-lærarane er opptekne av både individuelle, interaksjonelle og systemiske media-literacy perspektiv, og at å arbeide og lære på måtar som fostrar kreativitet og kritisk refleksjon er sett på som hovudmål med MK-programmet.

Amdam er tilsett ved Instututt for digital kompetanse i læring. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda.

På heimesida til UiO finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Amdam.
 

Del på