Terje Aarset gir ut Den nynorske songskatten

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

0015c0398372f0fa1a9e11d82d105090620374bb

– Terje Aarset presenterer historia til femten nynorske songar. Frå ”Blåmann” til ”Det lyser i stille grender”. Det ligg eit grundig detektivarbeid bak, kommenterer mellom anna Torill Opsahl i Landslaget for norskundervisning.

Songane spenner over ein periode på sytti år (1860–1931), og dei fleste høyrer til «standardrepertoaret» av nynorske songar.

Forfattaren har lagt særleg vekt på å få fram samspelet mellom tekst og tone og bruken og utbreiinga av songane. Til alle songane er det notar for piano og/eller blandakor. Boka er rikt illustrert.

Song- og musikkinteresserte lekfolk og fagfolk over heile landet vil ha glede og interesse av Den nynorske songskatten.

Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda. Han har redigert og gjeve ut ei rekkje bøker innanfor emna språk, litteratur, bibliografi, lokalhistorie og musikk. Aarset er aktiv musikar og arrangerer musikk, særleg for kor.

Les meir på Fagbokforlaget sine heimesider

f34e6d5e017dc607a6ace66265aaef4c4024aee9

Framsidebilete av boka. Mor og barn (1883) av Christian Krohg.

Del på