Til minne om Frank Aarebrot (1947-2017)

Tekst: Ketil Jarl Halse

- Oppdatert

frank-aarebrot-ketil-jarl-halse-2015-foto-johann-roppen-620p.JPG
Frank Aarebrot og Ketil Jarl Halse på Solstrand-seminar i 2015. Foto: Johann Roppen

I Christiesgate 19 var det ein liten flokk studentar som samlast til eit nytt studium våren 1967 – Stein Rokkans første kull. Alle minus ein var frå Bergen: Franken, Stein Kuhnle, Lasse Svåsand, Jacob Kjøde, Bjørn Henrichsen ... og eg, straks omtalt av Franken som «mørejarlen». Det var ein inkluderande gjeng – ikkje minst Franken. Varme vafler heime hos familien Aarebrot i St.Olavsvei smakte godt for ein innflyttar.

Vi var samtidig i USA, Frank og Bernt Hagtvedt ved Yale, eg ved Dartmouth – og vi var i juleselskap med Stein Rokkan. Eg hugsar at vi sat i baksetet i drosja, snakka ivrig med kvarandre, sjåføren blei meir og meir interessert: «Where are you guys from?» - «Norway». Ein kort pause, så neste spørsmål: «Norway? Is that a place?».  Det var eit møte med «det andre» Amerika. Og så var vi på gutetur til Montreal, budde på YMCA-hotell og opplevde ein episode der som Franken seinare mange gongar har presentert sin spesielle versjon av. Vi var «urøynde» norske ungdomar.

Då eg søkte jobb som journalist i NRK, måtte eg ta med meg eit intervjuobjekt og møte i redaksjonen i NRK-Hordaland. Franken stilte, og eg slapp til med i alle fall eitt spørsmål – om buekorpsa i Bergen. Glimrande orientering, DK-sjef Falk var nøgd, rapporterte til kollega Græsdal i Ålesund, og eg blei tilsett.

Frank var i Volda fleire gongar på 80- og 90-talet og foreleste om bruk og misbruk av meiningsmålingar for journaliststudentane – det var ikkje nei til svar dersom han fekk det inn på planen sin. Eg henta han på flyplassen: «Bagasjen din, Frank?» «Har berre dette» svara han og tok tannbørsta ut av innerlomma. Etter at studentane var samla i auditoriet, spurte han meg: «Du -- var det to eller fire timar vi hadde avtalt?» «3+3» svara eg. «Å, ja» -og så innstilte han detaljeringsnivået etter det. Var Franken først  Volda måtte vi bruke dagen. Så var han med heim til middag og gav gutane litt dataspelinstruksjon.

Seinare møtte eg Franken i Kringkastingsrådet og fleire gongar i Bergen. Alltid like hyggeleg og alltid parat til å levere «hugsar du» historier, kopla med sin karakteristiske grovmælte latter.

Og Frank var raus i sin omtale av dh-Volda og høgskulen – Volda har lange akademiske tradisjonar, viktige «motkulturar» har sin røter i regionen; nynorsk og Aasen, Aarflot med boksamling og lokalavis, Strøm og «Søndmørs beskrivelse». Han kjende til dei. Som han sa til «Møre» for eit par år sidan (fritt sitert): «Høgskulen i Volda er ein klassisk akademisk institusjon» (- i motsetnad til mange andre høgskular).

Frank hadde meiningar om mangt, og som han sjølv antyda, sikkert for mange. Men han var ei kunnskapsrik, interessant og spennande stemme i det offentlege ordskiftet, ein glitrande forelesar, og raus og hyggeleg som person. Det er utruleg trist at Franken har forlatt oss.

Av Ketil Jarl Halse

Universitetet i Bergens nettside om Frank Aarebrot.

Del på