Til USA for å grave seg ned i forskinga

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

5f3fac4a823bda90c7fc87ebd1585778

Knut-Willy Sæther var saman med Wenche Torrissen dei to som fekk professorstipend, då det vart utdelt for første gong på Høgskulen i Volda i fjor haust. Stipendet er for fem år, og etter det håper Sæther å kunne kalle seg professor. Han er allereie godt i gang med forskinga som skal gje han den nye tittelen.

– Eg er veldig takknemleg for stipendet og føler at eg må bidra og levere. Med den ordninga vert det eit litt meir målretta løp frå førsteamanuensis og til å verte professor. Eg tenkte at det kunne vere stimulerande for den vidare forskinga mi, då eg søkte på stipendet. Eg visste kva eg ville forske på framover, og no har eg fått ein liten dytt i baken, fortel Sæther.

Reknar ikkje timar

I 2005 disputerte han ved NTNU etter å ha gjort ferdig doktorgraden sin om forholdet mellom religion og vitskap, og har i tillegg skrive fleire vitskaplege bøker og artiklar. No er den friluftsinteresserte forskaren klar til å ta det neste steget i karrieren, sjølv om det krev ein god del.

– Det blir mykje jobb for å halde trykket opp i forskinga. Ein kan ikkje rekne timar som forskar. Det er ingen stemplingsur-jobb.

– Kva er det som driv deg?

– Eg ynskjer ei faglig utvikling og vil holde meg frisk i hovudet. Samstundes synes eg det er spennande å jobbe på tvers av faggrenser.

Finn ro i USA

Dei tre siste haustane har Sæther reist til USA for å oppsøke forskarmiljø der. Han har funne seg godt til rette både ved universitetet i Princeton, utanfor New York, der  han har vore mest,  og Berkeley-universitetet i California .

– Eg har fått gode faglege vener der borte og har vore gjesteforelesar- og forskar. Dei har stort trykk på forsking, og dei jobbar endå meir på mitt fagområde – naturlig nok også fordi alt er mykje større der, seier Sæther.

I dei tøffaste forskingsperiodane går han nærmast inn i si eiga boble. Då har han opplevd at det kan vere godt å reise over dammen.

– Når eg til dømes jobbar intenst med ei bok, opplever eg alt anna rundt meg som forstyrrande. Når eg då har behov for å «grave meg ned» i stoffet er det fint å reise til Princeton. Då er det berre meg og eit digert bibliotek. Då får eg gått ordentleg inn i det eg skal gjere over litt lengre tid, seier Sæther som skryt av Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved HVO, som legg godt til rette for han. Instituttet fekk i 2013 tildelt Forsking- og utviklingsprisen ved HVO.

Sæther ser føre seg utanlandsopphald også neste år då han gjennom stipendet får eit heilt år der han berre skal drive med forsking. I dei fire andre åra er halvparten av stillinga hans knytt til forsking.

To ferske bøker

Nyleg har han vore med på å gjeve ut nye bøker. Den første, som han har skrive saman med fleire andre og vore medredaktør for, har fått namnet Pentekostale perspektiver. Pentekostalismen vert sett på som den fjerde store greina innan kristen tro og har det siste århundre vore ei av verdens raskast veksande religiøse bevegelsar.

– Det er ein ny og unik publikasjon. Det er eit forsøk på å diskutere historiske tema knytt opp mot pinsebevegelsen si framvekst i Noreg. Forskinga er gjort både innan- og utanfrå bevegelsen. Då meiner eg at nokre av bidragsytarane er ein del av bevegelsen, mens andre ikkje er det. Slik har vi fått til ei spennande bok som ikkje berre inneheld indre lovprising eller kritisk blikk utanfrå, meiner Sæther.

Den andre boka er engelskspråkleg og heiter Issues in Science and Theology: What is Life? Den spring ut i frå ein europeisk forskarkonferanse (European Conference on Science and Theology), som vart arrangert i Estland i 2012. Konferansen vert arrangert annakvart år og Sæther har hatt det vitskaplege ansvaret for den dei fire siste åra. Det har vore 12 andre bidragsytarar til boka. Saman med Sæther har det vore 12 andre bidragsytarar til boka, som Volda-forskaren også har vore medredaktør for.

– Boka tek opp spørsmål om fenomenet livet og er tverrvitskapleg. Den er i skjeringa mellom religion, teologi, naturvitskap og filosofi. Det er artig og interessant å jobbe på tvers av fagmiljø, synest Sæther.

MEIR PÅ GONG

To ferske vitskaplege bøker er vel og bra, men Sæther gir seg naturleg nok ikkje der. Han er i gang med å grave seg ned i eit anna tema, som han håper skal bli ei bok.

– Den vil gå på forholdet mellom religion, estetikk og naturforståing. Meir kan eg eigentleg ikkje seie no.

Denne nye boka vil verte ein del av arbeidet som Sæther vert målt på når han om drygt fire år skal bli vurdert som professor.

– Det er litt ulikt frå fagområde til fagområde kva som krevst for å bli professor. Mange seier at arbeidet skal svare til ein doktorgrad nummer to. Men eg trur og håper at eg er ferdig når femårsperioden er over, kanskje litt før eller litt etter, spår Sæther.

I tillegg til Sæther og Torrissen som fekk professorstipend i fjor, har høgskulen i år tildelt professorstipend til Ellen Hovlid (AMF), Nathalie Homlong (ASH) og Ivar John Erdal (AKF). 

Del på