Tilbake på heimebane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

781b25ffdd1573b2387e02d00f3f3e8b

Fure er i dag tilsett som kommunalsjef for oppvekst i Gloppen kommune, men frå 1. mars 2016 vert han dagleg leiar for Møreforsking Volda. Då vil han også vere 100 prosent til stades i Volda.

– Eg har vekependla i sju og eit halvt år no og budd på hybel på Sandane. Det skal bli godt å kunne å gå til jobb og ete middag med kona i vekedagane igjen. Eg trivst godt i jobben i Gloppen kommune, men det skal bli kjekt å både bu og arbeide i Volda, seier Fure.

Med dialog som verktøy

Han vaks opp på Stad, men tok lærarutdanning i Volda og har budd der sidan 1993. I skuleverket har Fure brei erfaring og har vore både rådgjevar og undervisningsinspektør utan om fleire lærarroller i både grunnskulen, yrkesskulen og på folkehøgskule. Men for drygt ti år sidan ville Fure prøve noko nytt og tok mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Det førte han til stillinga som kommunalsjef i Gloppen, men no er tida for å freiste lykka ein ny stad igjen inne.

Fure er audmjuk og forventningsfull til det arbeidet han skal til med i Møreforsking.

– Eg har ein solid bakgrunn innan leiing, men ingen forskarbakgrunn. Tradisjonelt sett veit eg at det har vore flink folk i Møreforsking. Min jobb blir å gå i dialog med dei tilsette, prøve å forstå problemstillingane dei står overfor og gi dei støtte. Eg kjem sikkert til å stille ein del rare spørsmål i starten, men saman med forskarane skal vi finne gode løysingar, spår Fure.

Utvide nettverk

No tek han fritida i bruk til å sette seg inn i sin nye arbeidsplass og bli betre kjent med den.

– Møreforsking Volda er eit forholdsvis lite miljø. Ansvaret mitt er å få økonomi, koordinering og ei form for leiing på plass. Vi skal ta godt vare på dei tilsette som er der, og gjere det så kjekt at fleire ønskjer å komme dit for å arbeide.

Fure ser for seg eit godt samspel med Høgskulen i Volda, som er ein av eigarane av Møreforsking. Han er klar til å byggje seg nettverk som er relevant for forskingsinstitusjonen han skal leie.

– Frå før har eg mest nettverk innanfor grunnskuleutdanning og litt innan samfunnsplanlegging. Eg ser fram til å bli kjent med folk frå andre sektorar og miljø.

pressefoto

Olav Fure

Del på