Torsdag startar Forskingsdagane

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

fd_620.jpg

Det er stikkord for berre tre av dei i alt 28 arrangementa under Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda i år. Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg festival, som dei siste åra har hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 23. gong. I fjor vart det sett publikumsrekord for Høgskulen i Volda sine arrangement med over 2000 publikummarar.

VERDIAR

Kvart år vert det utforma eit overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan. I år er det nasjonale temaet «Verdiar».

– Vi har aldri hatt så mange arrangement under Forskingsdagane i Volda som i år, samstundes er det også ei enorm breidde i arrangementa. Vi ønskjer å vise fram mangfaldet i FoU-aktiviteten vi har ved Høgskulen i Volda. Det er arrangement som passar for barn, ungdom, vaksne og studentar, seier koordinator og programansvarleg for Forskingsdagane i Volda, Geir Tangen.

Bla i programheftet til Forskingsdagane under:

Insekt ser mange på som ei plage, spesielt når dei bit, stikk og er der vi helst ikkje vil ha dei. Men dei gjer stor nytte for seg, og biene har til dømes vore husdyr for menneske i tusen av år. Under Forskingsdagane kan du vere med førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda Eirik Søvik og  forskarkollegaene Anders Nielsen (Universitetet i Oslo) og Clint J. Perry (Queen Mary University i London) på ei oppdagingsferd rundt Ivar Aasen-tunet i jakt på insekt. Etterpå vil dei tre forskarane i eit foredrag gå nærmare inn på verdien av biene og kva som går føre seg inne i hjernane deira.

Barn og ungdom kan i høgste grad sjå fram til Forskingsdagane med spenning. Formidlar og lesegledar Trond Strand vil med stor innleving ta med barn inn i historier gjennom fleire nynorske barnebøker. Dei som er i skulealder har moglegheit til å lære å kode datamaskinar av høgskulelærar Torbjørn Frantsen. Med gode praktiske døme får deltakarane lære kva programmering går ut på.

Seminaret «Det gode liv – heile livet» vil by på fleire perspektiv på kva ein kan gjere for å ha det best mogleg i ulike livsfasar. Seminaret, som er i samarbeid med Helse Møre og Romsdal og Sjustjerna helse og omsorg, vert avslutta med visning av den omdiskuterte filmen «Barndom» av Margreth Olin. Denne filmen vert også vist på dagtid i samband med arrangementet «Verden av barndom», der professor Peder Haug og dosent Bente Vatne vil samtale om filmen og sette den inn i ein fagleg kontekst.

ULIKE UTTRYKKSFORMER

Andre verdskrigen vart eit vendepunkt for forfattarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Kva den urolege tida gjorde med litteraturen deira får du svar på av førsteamanuensis Anemari Neple og professor Jan Inge Sørbø når dei samtaler om dette i Ivar Aasen-tunet. Det vert også musikalske innslag frå operaen Kimen ved komponist Magnar Åm og Volda Vokal under arrangementet.

Tradisjonen tru vert det også moglegheit til å vere med å på å lage, smake og lære om mat med ulik historisk og kulturell tilknyting i Volda Bygdetun. I tillegg kjem innarbeidde arrangement slik som 12-konsert i Volda kyrkje, samfunnsplanleggingsdag og samarbeidsarrangementa Høgskulen i Volda har med Eldreuniversitetet for Volda og Ørsta og Senioruniversitetet i Ulstein. 

– Arrangementa har mange ulike formidlings- og uttrykksformer. Det er mellom anna foredrag og seminar, filmkveldar, høgtlesing for barn, boklansering og ulike musikalske former, seier ein godt nøgd Tangen og legg til at alle arrangementa er gratis og opne for alle.

Følg Forskingsdagane i Volda på Facebook.

SAMARBEID LOKALT OG REGIONALT

I tillegg til arrangement ved Høgskulen i Volda, vert det arrangement på ulike stader i kommunane Volda, Ørsta og Ulstein. Arrangementa går føre seg både på dag- og kveldstid. Som tidlegare år har Forskingsdagane eit godt samarbeid med lokale og regionale institusjonar og frivillige lag og organisasjonar. Ein samarbeider også med studentdrivne lag som til dømes Doc Lounge og Norsk Journalistlag Student Volda. Nytt av året er at ein også har fått Hjørundfjord Filmteater med på laget, som vil stå for filmframsyning på Sæbø.

– Vi er svært takksame for engasjementet som vert vist frå alle desse og det gode samarbeidet vi har, seier Tangen.

Mange av dei tilsette ved høgskulen er også i sving for å sørge for at Forskingsdagane vert best mogleg.

– Alle dei fire avdelingane er svært godt representert og vi har om lag 50 fagpersonar frå høgskulen, fleire eksterne fagpersonar og også tidlegare masterstudentar som bidreg. I tillegg har vi også høgskulens symfoniorkester med, seier Tangen.

OPPMODING FRÅ REKTOR

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er glad for å kunne vise fram ein del av forskings- og utviklingsarbeidet som vert gjort ved høgskulen, gjennom Forskingsdagane.

– Høgskulen i Volda driv omfattande forskings- og utviklingsarbeid i samarbeid med forskarar og arbeidsliv regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Til dagleg er det mest kollegaer og studentar som får del i denne forskingsaktiviteten. Hovudtemaet for Forskingsdagane er i år «Verdiar». Innanfor dette temaet er det mange møtepunkt mellom arbeidsliv, næringsliv og organisasjonsliv i regionen og forskarane ved Høgskulen i Volda. Eg oppmodar nyfikne frå heile regionen om å plukke ut eitt eller fleire arrangement for å få innblikk i den varierte FoU-aktiviteten ved Høgskulen i Volda – og eg håper resultatet vert mange spennande samtalar om fag og forsking.

Del på