Trefte publikum med fiskeri- og kysthistorie

Tekst: Per Straume

Historieprofessorane Atle Døssland og Arnljot Løseth møtte stor interesse hos eit lydhørt publikum då dei gjesta folkebiblioteka i Ulstein og Giske med foredrag knytt til Norges fiskeri- og kysthistorie.

I 2014 kom storverket Norges fiskeri- og kysthistorie ut i fem tjukke bind. Det er første gong det er blitt gjeve ut ei samla framstilling om denne svært viktige næringa her i landet, inkludert korleis ho sette preg på samfunna langs den lange norske kysten. Ansvaret for desse binda vart delt mellom fagmiljøa ved universiteta i Bergen, Nordland (Bodø), Tromsø og Høgskulen i Volda. 

Historieprofessorane Atle Døssland (bindredaktør) og Arnljot Løseth skreiv såleis storparten av bind II. I 2017 kom i tillegg eit kortfatta engelskspråkleg bind som oppsummerte heile verket med tanke på utanlandske lesarar.

Døssland
Atle Døssland under foredraget ved Ulstein bibliotek

I forkant og etterkant av jula har nyss desse to historikarane også halde foredrag med tema frå verket for eit svært lydhørt og interessert publikum under bokkveldar på folkebiblioteka i Ulstein og Giske. Etter foredraga følgde spørsmål- og kommentarrundar der mange deltok.

Innleiingsvis vart heile verket og korleis og kvifor dette vart til, kort skissert. Dernest heldt dei to forfattarane kvar sine foredrag med tema frå bind II. Første foredraget, ved Atle Døssland, dreidde seg om 1700-talet. Ei hovudsak var forteljinga om kvifor og korleis kjøpmenn langs store delar av kysten endra strategiar. Dei gjekk frå ei nokså stillesittande rolle som mottakarar av fiskeleveransar, til aktive og oppsøkande roller. Dei organiserte også meir av sjølve tileverkinga – særleg når det galdt dei nye og meir kapitalkrevjande produkta, som til dømes klippfisken. Kjøpmennene var på mange måtar drivhjula i den ekspansjonen som fann stad på 1700-talet. 

Det andre foredraget, ved Arnljot Løseth, handla om 1800-talet. Han fortalde om ein ny og eventyrleg ekspansjon i klippfisk- og sildeeksporten og jamvel eit  begynnande permanent bank- og havfiske. Denne ekspansjonen fekk klare følgjer for kystsamfunna: etablering av byar og tettstader, flytting frå fjord til kyst og frå sør til nord og danning av eit «nytt» handelsborgarskap.
Tematikken i begge foredraga galdt heile landet. Likevel fekk avgjerande hendingar i vårt eige fylke særleg fokus.
 

Del på