Tyskstudium med utveksling til Freiburg

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Det nye tyskstudiet er tilpassa nytt gradssystem, ny lærarutdanning og kvalitetsreforma.
- Studentane kan mellom anna velje ulike modular, fortel studiesjef Gonnie Smit Løseth. Fjernstudentar kan til dømes ta studiet på deltid og på nettet, modul for modul, og då få individuell rettleiing, fortel ho.

Tredje beste universitet i Tyskland
- Nå kan studentene reise til Albert-Ludwigs-Universität Freiburg sør i Tyskland etter endt grunnstudium i Volda, samtidig som tyske studentar kan komme hit for å lære norsk, seier amanuensis Thor A. Larsen ved Tysk institutt.
I Freiburg kan ein studere i eitt semester og få dette godkjent som fordjuping, og i tillegg la det vere ein del av eit bachelorprogram i til dømes språk eller litteratur. Førebels er talet på studieplassar avgrensa.
- Tysk er viktig. I kombinasjon med de rette fagene, kan et studieopphold i utlandet være akkurat det som skal til for å få arbeid senere, seier amanuensis Larsen. Praktisk kunnskap er utrolig verdifullt sammen med god teoretisk bakgrunn, understrekar han.
Albert-Ludwigs-Universität Freiburg er nemleg rangert som det tredje beste universitetet i Tyskland. Stiftinga Centrum für Hochschulentwicklung vurderer forsking på elleve område, mellom anna germanistikk. Sjå http://www.che.de/

Kunst, kultur og natur
- Personlig kontakt er ofte viktig for å utvikle internasjonalt samarbeid, fortel amanuensis Larsen. Ved Albert-Ludwigs-Universität Freiburg har de hatt en økning i studenttallet ved skandinavistikk-avdelingen. Tyskere har blant annet gode arbeidsmuligheter i Norge, og er veldig interessert i lære språket her, forklarar han.
Freiburg ligg i eit fantastisk landskap mellom Schwarzwald og Rhindalen i Tyskland, som er kjent for kunst, kultur og flott natur. Med berre to mil til Frankrike, fem mil til Sveits og ein dagstur til Italia, er dette ein populær studentby midt i Europa.


Uni-Freiburg

Du kan vitje Albert-Ludwigs-Universität Freiburg på nettstaden http://www.uni-freiburg.de.

Del på