Unge rusar seg mindre i Ørsta og Volda enn elles i landet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Når det gjeld voldsbruk, seier 24 prosent av elevane i Volda at de er blitt slått utan å få synlige merker, mot 19 prosent av elevane i Ørsta, skriv NRK.no. 13 prosent av elevane i Volda svarer at dei er vorte utsette for vald som førte til merke eller skader utan at dei trengde legehjelp, mot 8 prosent av elevane i Ørsta.
- Dei resultata som no er klare viser også at kvar femte elev har vore utsett for vald i løpet av det siste året, utfyller førstelektor Vik ved Høgskulen i Volda.

1064240778
Representantar frå kommunene og lensmannsetaten saman med førstelektor, Lars Jørgen Vik (t.h.) på pressekonferansen sist måndag.

Undersøkinga var utført delvis på oppdrag frå Ørsta kommune og Volda kommune. Fagsjef for oppvekst og kultur i Ørsta, Einar Muren og nye ordførar i Ørsta, Hans Olav Myklebust var tilstades under pressekonferansen saman med ordførar i Volda, Knut Bere og rådmann i Volda, Jarle Krumsvik. Representantar frå lensmannskontora var også tilstades som oppdragsgjevarar for undersøkinga.
Undersøkinga var gjennomført våren 2003 mellom ungdomskuleelvar og 1. klasser ved vidaregåande skular i Ørsta og Volda.

Les også TV2.no og Nettavisen si dekning: - Norske ungjenter har dårlig livskvalitet.
NRK.no: Ruser seg mindre i Volda og Ørsta.

Følg også med på HVO-veven sine presseklipp

Del på