Utdanningsrevolusjonen i eit kritisk lys

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Professor Heggen presenterer emnet sitt "Utdanningsrevolusjonen " i eit kritisk lys" slik:

"Utbygginga og organiseringa av vidaregåande og høgre utdanning er eit av dei viktigaste instrumenta for å skape både økonomisk, sosial og geografisk mobilitet i samfunnet.
Veksten i både vidaregåande- og høgre utdanning siste tiåra handlar både om det som blir kalla ein jenterevolusjon og generelt auka tilstrøyming, særleg frå distrikta. For ungdom kan dette innebere auka valfridom i høve til yrkesval og etablering.
I eit sentrum/periferiperspektiv kan veksten ha andre sider."

Kåre Heggen har vore engasjert i desse spørsmåla i mange år, også gjennom dei forskingsprosjekta han har arbeidd med. I førelesinga vil han presentere nokre sentrale utviklingstrekk som har skjedd parallelt med dei store utdanningsreformene dei siste åra. Førelesinga vender seg til alle som er interesserte i desse viktige faglege og politiske spørsmåla.


Det nye professoratet er knytt til Institutt for sosialfag som gir sosionom- og barnevernspedagogutdanning, i tillegg vidareutdanningar innanfor same fagområde.

Avdeling for samfunnsfag er sett saman av tre ulike institutt: Institutt for kommunalfag, Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag, og Institutt for sosialfag. Avdelinga har 35 vitskapleg tilsette, og gjev utdanning til om lag 1500 studentar årleg. Studietilbodet omfattar grunnutdanning, vidareutdanning og utdanning på mastergradsnivå. Av dei tilsette er to tilsette i professorat, medan tre andre har professorkompetanse innan sine fagfelt.

Dekanus Torrey Seland gir uttrykk for at han ser på det nye professoratet som ein naturleg lekk i den kompetanseoppbygginga avdelinga har vore gjennom dei siste åra, og som ei viktig brikke i det store omstillingsarbeidet som skulen snart skal inn i ved iverksetting av den nye studiereforma med etablering av bachelor og mastergradsstudium.

Førelesinga er open for alle interesserte.

Del på