Ute med bok på prestisjetungt forlag

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- To viktige kriterium må ligge til grunn for å få gitt ut fagbøker på dette forlaget. Det eine er fagleg kvalitet, og det andre er at det må tenkjast å vere ei interesse blant publikum for emnet, seier Orning.

Boka er ein dekonstruksjon av den sterke norske kongemakta i høgmellomalderen (1100-1200-talet) gjennom bruk av antropologisk teori. Med ei kritisk innstilling til kongemakt, normer, lover, ordningar osv går Orning ”bak fasaden” for å finne ut kva ”kongen gjer” og ikkje berre kva ”han seier”. Sjølv om kongen skulle vere ein kristen og rettferdig fyrste, var han avhengig av å reise rundt og opptre uforutseibart for å hevde si makt.

HansJOrning525_1

- Eg er også oppteken av sogene som historiske kjelder. På 1800-talet hadde ein stor tillit til dette kjeldematerialet. Det ”norske” var å finne der. Seinare på 1900-talet kom ein reaksjon, og synet på sogene som historiske kjelder vart veldig negativt. Eg meiner at med ei antropologisk og ideologikritisk tilnærming kan desse kjeldene fortelje oss mykje, m. a. at Noreg på denne tida har mykje likt med såkalla ”primitive” samfunn frå andre stader i verda.

Orning rettar ei takk til Høgskulen i Volda som har gjeve støtte til omsetjing av den reviderte doktoravhandlinga. Boka vil gje store inntekter til høgskulen i form av FoU-midlar.

Del på